søndag 18. januar 2009

Håkon 15 år


I dag fyller Håkon 15 år. I dag spelar laget hans kvalifiseringskamp i Sunnmørshallen, utan Håkon. Som fjerdemann i familien har han no fått årets sykje. I tillegg til andre symptom har han fått øyreverk.
No får vi håpe han snart vert frisk og rask. Familiefeiringa er utsett til neste laurdag. Vi har eit eige ordtak her "Det som er kjøpt til jul skal seinast gå med til Håkon sin geburtsdag". Kong Haakon-konfekten er ei tradisjonell gåve. Den vert nok snart oppeten. Men det kan no hende her er andre øskjer vekkgøymde.

2 kommentarer:

Besta sa...

Du får helse og gratulere!Og ønske god betring frå oss. Presang (pengar) skal han få når vi kjem utover. Får håpe han er frisk att til då.

arieldog sa...

Eg helsar her òg, sjølv om eg helsar på eigen blogg òg.