fredag 30. januar 2009

God underhaldning - dårleg underhaldning

Vi har no blitt pepra med reklame og førehandsreklame for eit program som skal kome på TV2, Da damene drog. Slik eg har forstått det, sender ein damene til Syden og let far stelle heime. Det som er av underhaldningsverdi er visst at dette ikkje går så bra, dersom eg har forstått det rett. Eg trudde denne problemstillinga var avlegs og høyrde til folkeeventyra;"Mannen som skulle stelle heime".

Og då spør eg: Går det an i 2009? Er ikkje norske menn i stand til å stelle hus og heim? Min eigen far (på bilde lånt frå Besta) stelte heime eitt år på 60-talet. Her i huset har det aldri vore sånn "på stell" som då Øystein hadde pappapermisjon.

Vil dei lage eit program om fedre som steller heime, bør det i alle fall ha som misjon å bygge ned fordommar, slik som t.d. realytyserien "Taifjord" har gjort. Vi damer har kanskje noko å lære av mennene våre når det gjeld barnepass. Her vart til dømes potteplantane fjerna frå vindauga så guten kunne bevege seg friare i stova.

Heldigvis skal programmet gå midt i turtida mi. Men eg reknar med her vert sittande ei dame og sjå, så eg kan få referat. Vi får håpe at programmet vert betre enn sitt rykte.

7 kommentarer:

Milena sa...

Eg må sei det at eg ikkje skal sjå programmet.Uff,det er så unødvendig å lage såne program når vi veit at alt er alikevell regisert og godt planlagt.
:-)

Besta sa...

Hadde du sett vindua då sola skein på dei i dag, hadde du kanskje skifta meining om diverse. Men kva er viktig? Den læraren på skulen "min" som alltid passa på å vatne blomstrane, var ein mann! Husarbeid er vel ikkje SÅ vanskelig at ikkje kven som helst greier det viss dei vil.Det er meir eit spørsmål om å ville.

Besta sa...

Apropos så HATAR eg realityseriar.

arieldog sa...

Det er mykje ein slepp å lære seg dersom ein har ei viss arbeidsfordeling i heimen, men lite av det er kjønnsbestemt i utgangspunktet, sjølv om det ofte vert ei tradisjonell fordeling i praksis. L er no av stad og kalibrerer bremsene på bilen min, kva no det må vere for noko. Kunne ha blitt eit morosamt realityprogram viss eg vart sett til å gjere slikt. Vanleg husarbeid kan vel både menn og kvinner greie i 2009.

solveig sa...

Det seier no mykje om damene også viss det skal vere eit problem å skifte bleie for ein mann i 2009!
Vanleg husarbeid bør no gutane lære heime, hm...

Besta sa...

Mykje er kjønnsbestemt utfrå tradisjon,anna av interesser. Men vil vi ha menn som broderer og strikkar? Eg berre spør?
(Dei kan gjerne sy i knappar !!!!!)
Og skal ikkje vi kvinner sleppe å kalibrere bremser viss vi ikkje vil-og kan?

arieldog sa...

Mi venninne W kom innom oss i Ulsteinvik ein gong på 16. mai. Der stod Gubben og strauk bunadskjorte medan Gamla sat i sofaen med eit glas vin... Eg kjem på ein slager frå 70-talet: "var rollene blitt bytta om, ja, gjorde han som hun, hvem var det da som hadde åpna munn'" Interesser er ulike, ja, men her i huset har ungane trudd at eg har klesvask som hobby. Det har eg IKKJE, men eg vaskar klede.