fredag 16. januar 2009

Togrenet orkidé


I dag let eg meg freiste til å kjøpe to orkidéar.
Eg har ganske mange frå før, men alle er inne i ein kvileperiode.
---
Butikken hadde kampanje, og der var utruleg mange fargar å velje mellom, berre ikkje kvitt.
---
Elles brukte eg "togrenet" som eit døme på eit ord som eg måtte lese to gongar. Eit motsett døme er "januar varer" (og varer). No er kanskje siste ordet sagt om orddeling?

4 kommentarer:

Anlen sa...

Orkidear er ein av mine favorittar for tida:) Men sidan eg har tre, gjekk eg for trepakning med primula i staden!

solveig sa...

Eg såg på dei ogs. Eigentleg brukar eg å kjøpe oppi ei krukke til 18. januar, men no har eg knust krukka, og feiringa er utsett til neste helg.

Besta sa...

Eg kjøpte ein gul orkidé i dag+ to rosa primula. Til saman ca 150 kr. på Sissels blomster.

solveig sa...

Det er sikkert same blomsterkjede. Eg fann forresten krukka eg trudde var knust. Den er full av novemberkaktus.