søndag 25. januar 2009

Norsk tradisjonsmat

Av og til lurer eg på om ein bør legge ut på nett kva ein har hatt til middag.

Fredag kom eg heim att relativt seint. Olaug hadde ei venninne på besøk. Dei to hadde tenkt seg på bading. Kva skulle eg lage til middag? Då såg eg for meg ein søt gut med blåbærmunn. Det vart pannekaker til store og små. At eg hadde bacon, ein fløyteskvett og nokre ekstra eggeplommer i, gjorde at dei vart ekstra gode.

Dagens middag var etter inspirasjon frå same blogg. Vi hadde vel fått spekekjøtlår frå same gjevar. Det vart ertesuppe med knokar, poteter og rabbe i. Knokane hadde eg vatna ut litt på førehand.

Når eg i tillegg får vite at folk har laga kjøtkaker etter eit innlegg her på bloggen, ja då kjem eg til å halde fram med eit middagsinnlegg i ny og ne. Det er no ei frivilleg sak å lese bloggen.

6 kommentarer:

arieldog sa...

Konklusjon: du blir ikkje påverka av krim, men av andre sine blogginnlegg om middagsrettar? Skal ikkje snakke så høgt, eg, etter å ha hatt lyst på gelé sidan eg las på Anlen sin blogg... I dag hadde vi hjortebiff, forresten...

Elin sa...

Legg ut om mat, det er koseleg. Har tipsa deg før, kvifor ikkje lage ein eigen link til matoppskriftene?

solveig sa...

Eg blir ikkje kriminell av å sjå krim i alle fall. Det med linken får eg vurdere. Det er dataferdigheiter det skortar på.

Besta sa...

Vi skulle eigentleg hatt ertersuppe, men gløymde å ta knoken opp av frysaren i får. Så det vart spaghetti med kjøttsaus. Så får vi sjå om nokon blir inspirert. Dessertar tenkjer eg ikkje på ein gong. HER HEIME.

STRIKKEMOR(O) sa...

Eg synest det er fint at du legg ut kva de har hatt til middag. Det er inspirerande og kjekt å sjå!

Anlen sa...

Eg vert stadig svolten av å surfe rundt i bloggverda. Og så har eg spekekjøtlåret frå jul i gryta i kveld. I morgon vert det brennsnut!