laurdag 10. mai 2008

God pinse!

Før helga ønskte eg elevane mine lykke til med konfirmasjonen til helga, og la til at eg håpa dei ville få like fint ver som forrige helg. Den eine som konfirmerte seg humanistisk, som det no heiter, i dag, har i alle fall hatt nydeleg ver. Det har kanskje til og med vore for varmt til å gå i bunad, men det bør kunne gå an å ha med seg skift!

Av dei som ikkje konfirmerer seg, er det flest hinduar (tamilar), men vi har og muslimar og ein buddhist på 9. trinn. Eg brukar å spørre dei om dei synest det vert mykje styr i konfirmasjonstida. Ein gut fortalde at han skulle få litt pengar så han også kunne vere med til byen på tysdag.

Sist den raude rhododendronen spratt ut før 17. mai, fraus blomane. Vi kan no håpe han får stå fint i år.
Kanskje Margrete kjenner att denne? Eg meinte den var kvit då eg fekk den.
Ballblomane og peonane veks no så det synest frå morgon til kveld. Det er sommar i hagen her!

---

I dag hadde det vore koseleg med bål! Då vi budde på Engeset feira vi pinse med pinsebrising. Er det nokon som gjer det lenger? Det luktar rett nok grill over heile byggefeltet her i dag, men det vert liksom ikkje det same. Noko anna eg hugsar, er at vi kasta sprayboksar på bålet. Dei eksloderte! Eg er sterk motstandar av å fortelje neste generasjon om rampestrekar vi gjorde, viss det vert til tips. Men akkurat her går det an, vi har vel ikkje ein sprayboks i hus! Eitt av yndlingsdikta mine, som eg av og til siterer til elevane i gitte situasjonar, lyder omtrent slik:

---

Dei sa at oss (vi) ikkje skulle putte erter i nasen.

Det hadde oss(vi) ikkje tenkt på før!

--

God pinse! Lykke til med konfirmasjonane!


7 kommentarer:

arieldog sa...

Så vidt eg kan hugse, kjøpte eg ein lysegul rododendron til deg for mange år sidan, og så ein kvit ein som var på tilbod i fjor. Er det den gule som er blitt lilla, blir eg litt skuffa... Den finaste rododendronen eg har kjøpt var ein gul med lilla midt, nesten som ein orkidé. Det var dagmamma Mona som fekk den som minne om pass - den blømer som regel når ungane våre har bursdag, 27. og 29. mai.

Besta sa...

Då vi kom til Ørsta for over 40 år sidan, vart vi kjend med skikken å brenne pinsebrising(bål).Symbolikken er ikkje vanskelig å forstå-Den Heilage Ande kom som eldtunger frå himmelen den første pinsedagen.
Det heitte også at "pinsebrisingen skulle loge, og jonsokbrisingen skulle ryke".Det lærte eg av lensmann Riise, far til Arill.

solveig sa...

Vi brukar å avbilde Olaug og den gule rhododendronen på hennar geburtsdag for å dokumentere kor dei veks år for år.
Dette er den kvite. Anten vert den kvit når den sprett ut, eller så har jorda gjort den rosa. Sur jord?
Framhald følgjer!
Har dei pinsebrising i Ørsta no?

Besta sa...

Har ikkje så mykje kjennskap til kva folk styrer med utanfor Starevegen, men eg er redd for at brising har blitt til grilling. Sæg at det rauk som av bål eit par stader.

Besta sa...

Har svensk æ på tastaturet, derfor skriv eg så ofte feil. Det skal sjølvsagt vere såg-ikkje sæg.

Hildegard sa...

Takk for helsing til konfirmasjon.
Vi hadde kaffibesøket til Øyvind i Alleen. Ein del jobbing både før og etter, men utruleg kjekt. Mor til Margunn på 73 år er oldemor til 5 - derav 2 babyar som også var med. Stein sa i tala si "at det ikkje hadde vore så mykje folk i dette huset på ein gong anna enn då LilleMø feira 18-årsdagen sin" -berre tyl, sjølvsagt. Fekk litt erfaring med kor mange vi kan vere i huset på ein gong. Kunne vore kjekt å samla etterkomarane til Amanda ein gong det passa for alle. Eidabesta

Hildegard sa...

Eg bomma på antal oldebarn. Mor til Margunn har 10 oldebarn mellom 13 og 0 år, og alle var med i konfirmasjonen!
Eidabesta