onsdag 7. mai 2008

Vårteikn

Vårteikn: Forkjøling.Like sikkert som mai kjem med nydeleg ver og fuglesong, like sikkert kjem vårforkjølinga. I dag kreka eg meg på jobb som i går. I staden for å bli betre, begynte det å halde hardt i 5. time på kjøkenet. Elevane var heldigvis greie, halvparten laga klippekransar til seg sjølve, noko som alltid motiverer. Eg vert sjeldan sjukare enn at eg greier å halde ut til eg kjem heim og kan gje meg over. Slik også i dag. I morgon har eg kun tre undervisningstimar.

Ein kollega av meg var bortreist på ein stor dag, og tenkte at ho skulle lure seg unna festivitas. Vi hadde avtala å gå ut i ettermiddag/kveld, men no er ho ramma av same sykja. Om det er eg som smitta henne, så har nokon smitta meg. No har vi utsett det ei veke, noko eg er svært glad for.

Vårteikn: Dugnad. I dag vert eg andpusten av å gå opp trappa og orkar ikkje tanken på dugnad på leikeplassen. I går sa eg i frå at eg er vekke, men no var eg så dum at eg let opp døra. Typisk meg er å tru at dei no trur at eg lurer meg unna.

Vårteikn: Fotball. Øystein køyrer Høddarar i dag. Forrige veke såg vi 4 heimekampar på Hareid KGB, så denne veka er det bortekampar.

Vårteikn: Eksamen. Eldstemann tok fly til Bødø i dag for å fullføre og levere semesteroppgåva si. Kor tid han kjem att, veit han ikkje. Det kunne bli 17. mai i nord. Fristen var 26. mai.

2 kommentarer:

Elin sa...

God betring!

Hildegard sa...

Ser at du høyrer til den "gamle skule" - pliktoppfylland. Det er då noko som heiter sjukedag - og det er ingen som takkar deg for at du tek deg heilt ut. Forstår deg godt, kjenner symptoma, men det er lov å vere sjuk! Eidabesta