torsdag 1. mai 2008

Prøvepakkar


Eg verken kjøper frå eller gir pengar til telefonseljarar. Men når det er markedsundersøkingar, brukar eg å svare. Ein gong sa eg ja til å svare via e-post.
--
No sist skulle dei teste ut om eg var i målgruppa for å teste ut produkt for tørr hud, og det sytte eg for å bli.
--
Etterkvart angra eg meg litt, for eg har ikkje kjøpt så mykje slikt i daglegvarebutikkane etter at apoteket kjem med tilbod med jamne mellomrom. Tenk om dei ber meg oppgje kva merke eg vanlegvis brukar og ber meg samanlikne.... Ja, ja det kjem vel ein haug med prøvepakningar.
--
Det som kom var ei stor tube aloe vera fuktigheitskrem og ei stor krukke med dagkrem. No skal eg prøve dei i 5 dagar og svare på om eg likar lukt og om dei verkar som dei skal. Ingen samanlikning, eg pustar letta ut.

1 kommentar:

Besta sa...

Du kan melde meg på som prøvekanin viss dei har kremar som gjer ein yngre- eller rettare gjer at ein ser yngre ut.Kremar er dyrt, så ta i mot det du kan.