søndag 18. mai 2008

Boka eg kosar meg med no


Denne boka hadde eg svært lave forventningar til. Utvalet på biblioteket var dårleg, og eg treiv med meg denne i tilfelle eg skulle gå tomt for lesestoff.
---
Utgangspunket for boka er ein gammal (53 år) professor som forelskar seg i ein ung (27-28 år rett nok) student. Med andre ord ein klisjé? Og bilde av Petter Dass på framsida, tja, kva skal ein seie?
---
No er eg midt i boka og ho er både "spennande" og ikkje minst underhaldande! Ei positiv overrasking med andre ord!

1 kommentar:

Besta sa...

Nei, boka fristar ikkje med første augesyn! Sjølv held eg på med ein "krim" frå Reykjavik som eg somnar berre eg høyrer lyden av.Minner meg mest om "kjerringprat" av typen ......han gifta seg med ei frå Thailand og så hadde ho ein gut før og så gikk mannen frå henne men han hadde vore gift før og ho han var gift med før fann seg ein ny mann som hadde vore gift to gonger........Inspirert av dei islandske ættesogene?