søndag 25. mai 2008

Flott TV-kveld for dei over 40 (sitat..)

Det starta med kongeleg bryllaup, eller eigentleg ikkje. Det starta med at Olaug vart liggande på sofaen medan mora hadde mest lyst til å vere ute i hagen eller på altanen. TV-kvelden begynte derfor tidleg med kongeleg bryllaup. Dei som kjenner meg, veit at eg er over middels interessert i kongehusa. Det var nok mormor, Allers og Ukebladet som påverka meg i gamle dagar. Mormor forklarte meg kven som var i slekt med kven.

Dei nye flammane til Joachim har eg brydd meg lite om. Men er det bryllaup, er det bryllaup. Det var mange kjensler i sving. Vi såg med ein gong han hadde kome inn at han var blank i augene. Berre vent, når brura kjem inn, begynner han å grine, seier eg til Olaug. Og slik gjekk det. Ikkje nok med det, men faren til brura måtte ta fram lommetørkleet også. Vesleprinsen sov seg gjennom det heile når han først fekk sette seg ned.

Olaug kvikna litt til, sjølv om ho er forkjøla og neste stemmelaus. Så ho fekk sjå Grand Prix låtane. Vi får vel berre seie oss nøgde med ein 5. plass.

Som "sjukekost" steikte eg pannekaker til dessert. Olaug hadde lyst på det. På skulekjøkenet har vi hatt pannekaker med fruktsalat og (heimelaga) vaniljeis denne veka. Det er sjølvsagt populært. Til hausten trur eg eg skal lage til eit ark med praktiske øvingsoppgåver i matlaging. I tillegg til m.a. potetskrelling, kan elevane godt øve seg på å steike pannekaker. Før var det ei oppgåve i barneskulen. No synest dei det er vanskeleg i ungdomsskulen. Kva skal plata stå på? Eg bruker å seie at det er på middels varme, men dei må passe på. Passeleg varme er når pannekakene har fin farge når dei ha stivna. Då kan ein snu dei. I Dagbladet stod det om ei 9-barnsmor som brukte 2 1/2 time på å steike pannekaker. Det synest eg var svært lite effektivt. Eg steiker dei tynne på relativt høg varme. Då tek det ikkje ein halv time her. Vi skiftar som regel på å steike. Eg hadde i alle fall tatt fram ei steikepanne til............

5 kommentarer:

arieldog sa...

Ei steikjepanne til, det er trikset, ja. Her i huset tek det 45 minutt på to panner. Dei er litt tjukke og heller gule enn brune. Og så syng vi "men det er et strev å steke pannekaker nok" i ekte Egner-stil - sjølv om det eigentleg er lett arbeid som går an å kombinere med generell kjøkkenrydding (men ikkje med klesbretting i annan etasje, viste det seg ein gong)

arieldog sa...

Elles bryr eg meg ikkje om bryllaup nummer 2... Hels til ho som er sjuk - eg er enno ikkje heilt bra av den sykja mi, men er slapp og småkvalm.

Besta sa...

Når eg steiker pannekaker til svoltne barnebarn+ morfar, brukar eg både to steikepanner+ pannekakejern. Det går som ein drøm. På skulekjøkkenet hadde vi to små malmpanner på kvar gruppe og platene på 4.Det lønner seg å finne ut kva trinn platene skal stå på! Då gikk det fint å steike pannekaker i barneskulen også.
Potetskrellaren var ein ukjend reiskap for dei fleste.

solveig sa...

Vi set og platene på 4 av 6 først. Så må du vente passeleg lenge osv. Flinke elevar er heller hjelpelause. Du forstår at dei aldri har gjort det før. Det er skilnaden på før og no. Eg viser dei den første. Då går det som regel bra.
Elles svitsja eg over på eit portrettprogram om Marie i dag, og måtte berre få det med meg, medan eg venta på at gjengen vakna....

Milena sa...

Det var vel flott tv kveld for mange, men eg må sei at det blir leeeeeenge til neste gang ,he,he...