torsdag 22. mai 2008

Museumstur

I dag har eg vore på museum i Ørsta saman med mat og helse-lærarar frå Sunnmøre.
Pappa sin arbeidskamerat Norvald guida oss rundt. I tillegg til å vere kunnskapsrik, spedde han på med små historier slik som er in i tida. Eg må berre innrømme at eg er mykje meir interessert i historie enn for 20 år sidan.

I morgon kjem eg attende til litt komfyrhistorie.

4 kommentarer:

Besta sa...

Eg ser de har vore på Brudavollen. Der har eg vore med skuleklasser og grupper mange gonger og hatt ymse opplegg. Omvisaren som du nemner er flink.Han hadde eit opplegg om korn ein gong eg var der. Det var bra-men så fann elevane eit kull med kattungar inne på løa.............

solveig sa...

Eg prøver å ikkje lage overskrifter som gjer at eg får for mange lesarar...
Kva er meir populært enn kattungar?
Norvald meinte vi var gode lyttarar. Dei er vel vane med litt av kvart!

Besta sa...

Borghild, som var styrar der framme før Norvald(ho er vel tanta hans?), var også veldig flink. Eg var framme der med eit par grupper og vi lærte å lage potetkaker som vi steikte på helle i peisen i det eldste huset.Det som berre er eit par mannsaldrar unna er uendelig fjernt for dei unge i dag.

solveig sa...

Elevane eg har no er fødde i 1993. Dei har vakse opp med parabol og mobiltelefon. Dei er dessutan lite heimealne slik dei første elevane eg hadde kunne vere. Dei et mat laga av både mor og far. Dei et ute og i "Syden". Mange lever på industrilaga mat.
Det rotnorske vert snart eksotisk, om det ikkje allerei har vorte det.