Viser innlegg med etiketten skvåsjnytt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skvåsjnytt. Vis alle innlegg

torsdag 8. juli 2010

Dei fem finaste

Eg fann denne stafettpinnen på Alt godt sin blogg.  Eg håper han kjem attende til meg om eit par veker, for då er hagen på sitt finaste.  Men berre sjå kva eg fann i dag!  Eg har dessutan brukt ein ny knapp på fotoapparatet.
Denne rosa luktar herleg.  eg kallar ho Rosa rugosa, men veit ikkje om det er rett.
Dei tre irisane mine får telje som ein.


Høge valmuar.

Liljer.
Eit blomstrande tre.  Veit nokon namnet?

Det var dei fine.  Så over til eit par som er nyttige, kvar på sin måte.
Skogskjeggen er der vi legg snø om vinteren.  Om sommaren fungerer den som ein liten hekk.
Skvåsjplantane er ikkje mykje å skryte av i år.  Kanskje vi greier å ete opp skvåsjen etter kvart i år?  Dei første er kanskje store nok når vi kjem att frå ferie.

Eg gir stafettpinnen vidare til dei som vil ha han!

måndag 28. juni 2010

Hagedag

Eg er litt usikker på om eg har rota eller rydda i hagen i dag.  Eg har i alle fall styrt på.  Av alle blomster, trur eg peonar og roser er mine favorittar.  Dei kjem med sommar og ferie.  I dag hadde den første peonen sprotte ut.  Berre ein rosesort har kome med blomster til no.

Vi kallar denne Anne Kirstinerosa fordi vi har fått henne av Anne Kirstine.  Kanskje nokon veit der rette namnet?
Katten får kome ut, og Lucy vil vere der det skjer!
I dag fann Luvy på at ho ville klatre i tre.  Vi var mest spente på om ho ville kome seg ned att.  "Han kom i alle fall fort ned att", var kommentaren til han som hadde sleppt ut katten.  Eg trur granhekken såg ut som eit golv.  Men kattar kjem alltid ned på beina.
I dag har det vore ypperleg skvåsjver, litt regn og litt sol.

onsdag 23. juni 2010

No news is good news?


Dette gjeld ikkje skvåsjnytt!  Halvparten av dei fire plantane er vekke!  Dei nok ikkje tolt det kalde veret.  Eg var vel fpr sløv nokre kveldar med høljregn.  Då skulle eg vel ha sjekka for sleipe skadedyr.  De ser at dei har tatt seg ein jafs av den største planten min og.
Om det er dei same små grå som har gått laus på ruccolasalaten, vitest ikkje, men 16 stykker måtte bøte med livet i går kveld.  Så får vi håpe at venene deira er kjøtsvoltne, slik at plantane får stå til dei også vert ferska!

måndag 14. juni 2010

Uansett ver, det er alltid noko å gjer'

Med dette mottoet gjekk eg ut i hagen under fotballkampen laurdag kveld.  Det var eit lite opphald mellom bygene.  Med regn i lufta kan ein spare seg litt vatning.  Dei fire stakkars skvåsjplantane mine er no komne i åkeren.  Eg har ikkje råd til svinn, så eg håper dei får det varmt under fiberduken.

fredag 28. mai 2010

Gode naboar ...

... høgg ned tre som skygger for sola til naboen! Studenten har vore på opplæring i Ørsta og tok første økta.  Deretter har Øystein teke over.  I vedsekkene bak har frøkna samla seljegreiner som ho skal tørke til kaninane.  No er Nusse på eit todagars opphald hos venninnene sine. Paradise hotel, I say no more.


Hugsar de den raude, fylte peonen som eg plukka inn 6. juni i fjor?  Eg har talt knuppane.  Der er seks i år som i fjor, så det kan hende dei skal få stå i fred i år.  Kanskje vi skal pynte med ballblom og forglemmeiei på svenske flaggans dag?
I forgårs planta eg eg skvåsjane over i større potter.  Samtidig sådde eg nokre ruccolafrø.  I følgje mi slovenske venninne, veks ruccola mest som ugras i hennar heimland.  Dei spira i alle fall fort! Ruccola har overvintra her før, men i år er den vekk.

søndag 23. mai 2010

Skvåsjnytt

Til nye blogglesarar kan eg opplyse at eg har ein fast følgjetong på bloggen: Skvåsjnytt.  Der kan de følgje skvåsjane mine frå frø til "frukt".  Akkurat no irriterer det meg at eg brukte opp all kjøpemolda mi i går.  Dei kunne godt ha fått større potter.  Enno er dei inne.  Eg ser frå skvåsjnytt i fjor at eg planta ut 12. juni.  I mellomtida skal dei få vere på altanen.

Viss eg har lite å skrive om, vert det altså ikkje agurknytt, men skvåsjnytt på bloggen.

søndag 2. mai 2010

Årets første: Skvåsjnytt

Vanlegvis sår eg skvåsjfrø i torvpotter 1. mai.  I går fann eg rett og slett ikkje att nokre torvpotter som eg veit eg skal ha ein plass.  Så no sådde eg frø i seks potter.  Om ei veke kjem eg til å så nokre ekstra.