laurdag 6. november 2010

Lammefrikassé

I dag slo eg til med søndagsmiddag på ein laurdag.  Journalisten, som gjerne vil ha gammaldags mat, skal til Molde i morgon.  Eg tok opp eit par kilo lammekjøt frå frysaren torsdag kveld.  Dette kjøtet kokte eg saman med 1 4/4 l vatn, 1ms salt og heil pepar.  Ta vekk skummet før du har i peparen.  Nokre gulrøter, løk og purrerestar fekk og koke med i krafta.

Medan dette fekk koke på svak varme, gjekk eg meg ein tur på biblioteket.  Det er godt å få vere ute i dagslys!
Eg bruker å lage saus av noko av krafta.  Her kan ein velje ein mager variant med ristejamning, eller som meg, starte med meierismør og mjøl og spe med krafta.  Smak til med meir pepar og eventuelt salt.  Blogglesarane har kanskje sine eigne tips for denne sausen?

Her i huset er grønsakpanna som regel like stor som potetpanna.  Eg la gulrøter, rabbebitar og kålskiver i botnen av panna.  Desse dekte eg med kraft.  Brokkolien fekk dampkoke på toppen.  All kraft vert spart til suppe seinare.

Server med poteter!

Viss ein skal servere denne retten til mange og der er mange born blant gjestene, kan ein gjerne lage store kjøtbollar til.

1 kommentar:

Besta sa...

Ser de har fått litt snø, det har vi ikkje her.Håper fineveret varer til vi skal køyre heimover på mandag.Så får vi vel eit anna ver når vi kjem vestover.