Då vi skulle pynte til 10-andeklassefesten, fekk eg med meg nokre jenter ut for å hente blomster. Vi fann lupinar som vi leita etter, men og nokre andre sortar. Eg måtte sjølvsagt sjekke om dei kunne namna på mellom anna marikåpe. Nei, fekk eg beskjed om, det er ho besta som kan sånt. Sjølv lærte eg dei vanlegaste blomsternamna av Besta. På gymnaset var biologi eit av dei kjekkaste faga. Vi hadde eige herbarium i 3. klassa.
Då eg var lærar i 4. klasse, lærte eg elevane ein blomst kvar dag frå skulestart. Vi hadde dei ståande på kateteret, og så teikna dei og skreiv litt kvar dag. Kva dei kan i dag, veit eg ikkje. Men dei kosa seg med det den gongen.
Eg har også blitt inspirert av Alt godt sine bilde frå Nord-Norge. Sjekk bloggen hennar.
Sidan eg veit at mange av elevne mine er innom bloggen, så har eg tenkt at dei skal få lære noko i ferien og. Vert ikkje det stas?
Skogstjerne Trientalis europaea
Dette er ein vanleg blomst som mange stader. Eg tok dette bildet på Løset i dag.