måndag 29. oktober 2007

Kanina på vegen











I dag når eg kom heim såg eg ei piska våte kanin på veien me to katta etter seg.Eine va Pia og andre va ein annan oransje katt.Pia prøvde tydelegvis å jage den hinn katten men nusse for raskt oppi åkeren.( det var foresten nusse den våte kanina va )

No kan dokke sjå korleis nusse likte seg torr...

søndag 28. oktober 2007

Leir i Brusdalen



No har eg komt heim frå leir....=) eg og GE var på leir i lag og delte rom.
GE hadde noko godt til snusen ( snus: som sjekkar om vi har orden og ro på romma)
Vi tegna med glitterpen .Vi hadde også sporløp , men der var eg ikkje på lag med GE.
(Sporløpet var inne)
Snusen brukar og legge igjenn lappar om vi har det ryddigt eller om vi har det ryddigt men må jobbe litt meir ,det går også and å få grønnemann som dei kallar det, det tyder at dei har det kjempe rotete...
Når søngagen kom hadde vi berre litt igjenn ta sporløpet. Alle var spent om dei vann snuse eller om dei vann sporløpet. Når vi hadde våre i kiosken og hadde ete middag skulle vi få vete ken som hadde vonne.Først fikk eg vete at eg og Ge vann snusen , og vi vann stratos og klubbe.Deretter fikk eg vete at gruppa vår hadde vonne sporløpet, Så då vart det to diplomar på meg.Sporløpet handla mest om Jesus.Ellers hadde vi mykkje bibeltimar med Hilde Gunn( Eg kallar henne Saude dama , for ho likar så godt saudar) . Ho brukar ikkje lestar .Og i dag hadde ho ein magnet saud i håret.Når vi skulle fare skulle vi sitte på med henne.Det overaska berre ikkje meg at ho hadde på seg lesta i dag ( når vi skulle fare, då ) Ho fikk ikkje start på den gamle bilen så den vart full i lukt av bensin ÆSJ!
Den laga noko forferdeleg bråk når vi skulle fare alle måtte hjelpe til å skubbe bilen.Eg og GE var redd den skulle dette bakover.( det var ein veldeg stor bakke vedsiden av ) Men det gikk bra og vi blei køyrt heim .Sjølv om vi kom ei ferge for seint .Eg har hatt ein stor opplevelse og hatt det kjempe gøy!

Sjokoladepudding


1 dl maisenna
1 dl sukker
3/4 dl kakao
-
1 l mjølk
-
2 ts vaniljesukker
-
1. Bland saman det tørre før du rører inn mjølka.
2. Kok opp medan du rører.
3. Lat puddingen koke eit par minutt før du tek panna til side
og har i vaniljesukker.
-
Server med vaniljesaus - gjerne Piano.
-
I går ringte ein kollega. Ho skulle ha tanteborn på besøk og fann ikkje oppskrifta på sjokoladepudding. I dag fekk eg lyst å lage sjokoladepudding sjølv.
-
Til sjokoladepudding passar det godt med gele med jordbær/bringebær, gjerne lett til dei som ikkje skal ha sukker/kaloriar. Hermetisk frukt/fruktsalat med krem passar også godt på dette dessertbordet. Når ein er mange samla, kan ein like godt ha to-tre ulike dessertar i staden for å ha mykje av ein sort.

laurdag 27. oktober 2007

Laurdagsjobb

Øystein isolerer og kler vegg. Kva skal vi kalle dette rommet?

Eg har rydda i klesskåp i tillegg til vanleg husarbeid, slikt som berre viser viss det ikkje vert gjort.

Nye stolar

Eg har lenge ønska meg nokre lette stolar til å ha på "nyestova" når vi er mange. Desse hadde vi sett oss ut i ein katalog frå Møbelmagasinet. Dei hadde dei på lager ein annan stad enn butikken, og vi fekk dei gratis tilkøyrde etter stengetid! Flott sørvis! Ein liten kommunikasjonssvikt gjorde at dei kom med tre i staden for fire, men vi skal hente den fjerde i butikken måndag.

fredag 26. oktober 2007

Ikkje greit å vere skjor i dag


No har vi endeleg fått bossdunkar på Hareid.
Eg har skrive til reinhaldsverket og takka samtidig som eg har peika på plasseringa av igloen i Hareid sentrum. Viss ein skal levere glas og metall på Hareid, må ein nemleg køyre det ned på kaia, helst ein søndag når parkeringsplassen ikkje er full. (NB! Ein kan sjølvsagt gå nokre meter. Det gjer eg.) Eg har sagt til dei fleire gongar at kvar butikk burde ha sin iglo eller anna innsamlingscontainer.
No har eg samla saman ein bossekk med eigne kle til Ukraina. Mykje er fint, men eg innser at eg ikkje kjem til å bruke det meir.
Det er kjekt med ledig plass i skapet. Men no har eg ei heil hylle med klutar, handdukar og laken frå Kid. Kvar gong ein kjøper noko der, legg dei fram eit tilbod på noko til halv pris. Jau, seier eg då, eg treng vel alltids nokre gasklutar, microfiberklutar eller golvklutar. Eg har i alle fall nok til å utstyre ein ungdom til hybelliv.

torsdag 25. oktober 2007

Operasjon dagsverk og leir.

I dag er det vore fotballtrening for alle tre.

Olaug skal på leir i Brusdalen saman med to venninner i morgon.
Det får ho skrive meir om når ho kjem att søndag.

I morgon er det OD-dagen. Eg leiger Audun til kjøkentak og vegger i tillegg til golv. Arbeidsdagen skal starte 10.00.

Sjølv har eg planer om rydding av skap i tillegg til hagearbeid.
Emanuel hjelpende hander har innsamling til Ukraina, Polen og Latvia laurdag. Trur dei skal ha med nokre frå Ungdom i oppdrag. Eg likar betre å gje til desse som ofte har referat i avisa, enn å gje til UFF utanfor Prix. Kleda mine som ikkje har vore i bruk siste året, skal andre no få nytte av!

No har Nusse fått vinterpels og det går an å ha han inne igjen.
I det siste har det lagt att hybelkaniner etter han.

Entreprenørskap

I dag har eg vore på kurs på Hareid Hotell i entreprenørskap saman med ungdomsskulelærarar frå Hareid, Ulstein og Herøy. I tillegg var der ein lærar frå Folkestad. Kan det stemme at ho har I i engelsk og er i slekt? Ho såg i alle fall at I var lik på morsslekta også.......

No er det meininga at ungdomsskuleelevar skal starte og avslutte ei elevbedrift i løpet av 14 dagar. Kurset var nyttig og dei hadde mykje materiell vi skal få. Eit slikt opplegg må vere tverrfagleg.

Etter jul har eg tenkt at mine elevar skal få tenke ut eit produkt dei skal presentere, lage og selje gjennom kantina på skulen. Då deler eg dei i tre med 3-4 på kvar gruppe , slik at 2 grupper lagar middag og dessert og ei gruppe jobbar med kantine.

Ps
Fiskesuppa vi laga forrige veke var kjempegod!
Denne veka har vi laga pizza frå gamleboka og lært om vitaminar.
Dei fekk velje om dei ville ha grovt mjøl i botnen, det ville alle.
Elles laga vi bolognesesaus med gulrøter og selleri i tillegg til kjøtdeig, løk og tomat.
Den ekte pizzaen sparer vi til vegetarbuffeten i januar.
Då skal dei få velje vegetarmiddag sjølve.

søndag 21. oktober 2007

Stemnefest

Det vart stemnefest på oss.
Vi møtte halv sju og fekk oss gode, mjuke plassar bakerst i det nye amfiet. Som vanleg var det mykje godt program. Jan Åge Fjørtoft heldt forsamlinga i ande.

Men Liv Randi Bjørlykke sitt kåseri overgjekk det meste. Det var ikkje pauser i latteren.
Døme: Ho hadde studert skattelistene for Hareid og måtte finlese Sunnmørsposten for å finne nokon med etternamn Grimstad. Kva dei gjorde på? Var det berre piker og sang?
Ho sette an tonen då ho vart presentert. Ja, ja og skonummer 38. Set ikkje det kameraet på meg.

For Ørstingar kan eg nemne at Merkesteinane var der, men dei er vel frå Volda?

Ronald Øvrelid song to Cohensongar saman med svigerinna.
Han er min favoritt.

Grunnen til at det vert eit ork å fare, og no må eg passe meg for å ikkje fornærme nokon,
er alle kora. I tillegg til alle kora på Hareid (-Brandalskoret), kom Sunnmøre Kristelege mannskor. Faren til Jan Åge syng der. Og når alle kora skal framføre tre songar, ja då vert det i overkant.

Amalie Bjørndal, 89 år, fekk kulturprisen for m.a. innsamling av gamle vevmønstre og for å ha gjeve ut vevbok i år!

Matpausen varte berre ein halv time, likevel varte festen over fire timar.
Men vi er glade for at vi gjekk!

laurdag 20. oktober 2007

Skal - skal ikkje?

I dag er det stemnefest på Hareid.
Det er ein heil kveld med flotte artistar.
Jan Åge Fjørtoft er festtalar.

Audun er scenearbeidar.
Han skulle møte halv tre, og vert der nok minst til elleve.

Øystein og eg tel på knappane.

Jordskokk


Eg har dyrka jordskokk i flere år.
I fjor var det blitt så mykje at eg måtte til å hauste.
Eg prøvde å lage jordskokkpuré, men det fall ikkje i smak.
Eg fann oppskrift på jordskokksuppe,
men eg kom aldri så langt at eg laga det.

Ei venninne vill gjerne begynne å dyrke jordskokk,
og ho fekk kanskje ein tredel av det eg hadde.
I år er der like mykje.

Så fann eg på at eg kunne prøve å steike den i omnen saman med
andre grønsaker. Det var godt!

No står ei form med grønsaker krydra med salt, pepar og
provencekrydder i omnen. Eg heller også litt olje over.
Dette serverer eg til heimelaga karbonadar.
Kjempegodt!
ps
Kanina er veldig glad i jordskokk, og det er bra,
for dei er ikkje akkurat lette å skrelle.

Tre toppar til Olaug


Torsdagane trenar Audun med Hødd frå halv fem til seks.
Då passar det bra for meg å køyre han, ta ei runde på Amfi i Ulsteinvik,
stikke innom Lidl og hente han på Høddvoll til slutt.
Desse tre toppane fekk eg for tilsaman 103 kr på Kapp Ahl.
Elles merka eg meg at ein kunne få juleservise til -40% på Glassmagasinet.
Det er snart Halloween. Julebrusen er komen!

søndag 14. oktober 2007

Solskinspudding


Eg laga dobbel porsjon av denne puddingen til ørstingane skulle kome. I staden for fløyte og mjølk, brukte eg H-mjølk. Elles så brukte eg framgangsmåten som til karamellpudding, men det tok si tid! Metallformer leiar nok mykje betre varme enn keramikk! Det same har eg erfart med silikonformer og baking. Ein annan gong skrur eg opp varmen til 125 grader.
Men smaken var frisk og god! Absolutt å anbefale!




Mat og helse


Komande veke skal vi lage denne fiskesuppa i Mat og helse.
Til dessert vert det tilslørte bondepiker.
Resten av gjengen skal lage fletteloff til å ha med heim.
Viss nokon som les bloggen har Mat og helse,
hadde det vore kjekt å vite om de brukar boka og kva
for oppskrifter de har prøvd!

Gode krydder

Eg trur det var åtte krydder i denne serien eg fekk av mamma i sommar. Seinare har eg kjøpt fleire på Traktøren i Ålesund og Glassmagasinet på Amfi i Ørsta der ho kjøpte eska med åtte.

Lat søndag

I dag har eg lagt på lading.
Fredag heiv vi ut teppe og eg fekk vaska skikkeleg.
I går rydda eg i hagen.
Komande veke startar med "Rabarbrakveld" måndag 19.30, der eg har lova Øystein å hjelpe til med maten og det praktiske elles. Med min tettpakka timeplan, vert det lite fritid før torsdag ettermiddag, så i dag har eg lata meg med godt samvit.

Olaug har vore i badestampbursdag i dag. Audun og Einar reiste til Blindheim på fotballkamp, Einar som journalist og Audun som reservekeeper. Kampen enda 1-1.

Eg prøvde ut ein rett til frå Kokebok for alle. Dvs. eg hadde ikkje skvåsj, så eg tok brokkoli i staden. Dessutan putta eg litt jordskokk i. Det var godt. Eg har mykje jordskokk i hagen, som eg synest er vanskeleg å få gjengen til å like. Når ein ser vekk i frå kanina, ho føretrekk det framfor gulrot. Til omnsretten serverte eg lys spagetti.

Tidlegare på dagen kokte eg god gammaldags semulepudding og raud saus i tilfelle middagen vart lite mettande. Men dessert var det ingen som orka etter denne retten. Skåla vert nok tom i løpet av kvelden.

laurdag 13. oktober 2007

Passeleg gode pannekaker


I dag laga eg Grove pannekaker med kyllingkjøtdeig til middag. Oppskrifta fann eg s. 97 i Kokebok for alle. To studentar laga det same på TV2 frukost-TV, dvs. dei hadde gulrøter både i pannekakene og i fyllet.
--
Dommen her i huset var at det var passeleg godt. Eigentleg det same som elevane mine sa. Eg synest det er greit å lage pannekaker med fyll i på skulekjøkenet. Då slepp eg å sjå ein del uvanar dei har lagt seg til med vanlege pannekaker. Sukker med pannekaker.........
Ps.
Vi drakk frukostjuice til, så det vart gurøter på oss også, men det hadde sikkert gjort fyllet litt søtare med gulrot i.

Nusse i fin form att


No har vi hatt Nusse i snart eit år, og han har alltid vore frisk og fin. I dag tidleg låg han slapp i soveburet sitt og ville ikkje stå opp. Vi fann løvetann og gulrot til han, men han vart liggande.
Nabovenninna visste råd. Ho laga eit fint hjertekort med: Kjære Nusse ! Vi er kjempegla i deg! Du er den beste gutte-kanina i heile verden! Kos og... Molly og Polly. Kortet fekk dei lukte på. Var det damelukta som vekte dyret?

torsdag 11. oktober 2007

Nøttekake

22 cm

3 egg
1 1/2 dl sukker

1 dl mjølk
1 1/2 dl sammalen kveite, grov
1/2 ts bakepulver
1 dl grovhakka nøtter/mandlar
1/2 plate hakka sjokolade




1. Pisk eggedosis av egg og sukker.
2. Ha i resten av ingrediensane og rør dei forsiktig inn med sleikjepott.

175 grader ca 40 minutt

Kokebok for alle s. 139


Eg synest røra vart litt flytande og vil prøve utan mjølk ein annan gong.

I dag hadde vi besøk av Per Eilert med familie og Helga og Per Arnt.
Per Helge skulle lese til teoriprøva, så gutane vart att i Molde.

Krabbar

I går kveld åt vi oss mette på krabbar. Pappa hadde kokt dei før han kom til Hareid. Øystein knuste dei ute. Det gjekk med ein del loff og majones også.

tysdag 9. oktober 2007

Haustferie for Håkon

Håkon har vore i Ørsta sidan søndag for å fiske og fange krabbar.
I dag har visst endeleg stortorsken bite!

Gladiolar

Desse gladiolane og kakefatet mitt stod i gangen då eg kom att etter ein snartur på Høddvoll i går. Kaka hadde falle i smak.

Brukt og Billeg


På Hareid har vi ein butikk som heiter Brukt og Billeg.
Tidlegare dreiv ungdomsskulen han. No har Frivillegheitssentralen teke over.
Ei venninne og eg gjekk tur seint i går. Vi gjekk mot Brandal, men det vart for mørkt.
Greit å sjå eventuelle holer på gangvegen....
Så vi gjekk og såg i butikkvindauge i staden.
På Brukt og billeg hadde dei rydda og stilt ut "nye" varer til nyopninga.
Der fekk eg auge på ei dessertskål som vi arva 11 av.
Det er no sjeldan ein er akkurat tolv, men 11 av ein sort, ja då manglar ein.
p.s.
No har eg sett ein solskinnspudding i omnen. Fagleg oppdatering.
Det kan bli bilde i morgon.

søndag 7. oktober 2007

Sesongslutt


Årets siste juniorkamp var ein spennande kamp med mange mål.
Det var 1-1 til pause og i andre omgang var det plutseleg 1-3.
Men Hareid kom sterkt tilbake og kampen enda 6-4.
Kampreferat finn de på hareidil.
No står det att berre ein A-lagsbortekamp for Hareid.
Oppsummeringa må vere at vi har stått i ruskever og sett mange kampar i haust.

Teiknedag

I dag har eg vore mykje inne og teikna.
Olaug

Hausttakkefest


I dag var Olaug og eg i kyrkja.

Koret der ho song i fjor skulle synge, og vesle Gabriel skulle døypast.

Han var einaste dåpsbarnet, og etter at han var døypt, tok presten han og bar han ei runde ned slik at koret og andre skulle få sjå han.

"Er han ikkje fin?"
p.s.
Han var verkeleg nydeleg.

50-årsdag


I går hjelpte eg til i mannen til ei venninne/kollega sin 50-årsdag.
Dei hadde pynta fint i haustfargar.
På Hareid, dvs. Bigset, tvers over vegen til skulen der Olaug går, er det eige lysstøyperi.
Dei sel elles lys, lykter, serviettar og anna bordpynt.
Dei har også alltid dekt eksempelbord.
Desse serviettane skulle vi hatt den tida Håkon berre tenkte på piggsvin.
17-mai det året dukka det opp eit piggsvin i hagen til farfaren.
Det var mykje meir stas enn is, brus og tog.

laurdag 6. oktober 2007

Kakebaking


I morgon skal ei venninne av meg halde barnedåp for barnebarnet sitt, Gabriel.
Mitt oppdrag var å lage ei kake mest til ungane. Ei tropisk aroma med snop på, brukar å falle i smak.
Det er lite blått snop å få kjøpt, men eg fann nokre flasker.
Sidan det sikkert berre er ein lovleg blåfarge, vart melisen eg farga heilt same fargen.
p.s.
eg hadde plass til ei 22 cm kake til i omnen, så det vert kake til svogeren min på torsdag også.

tysdag 2. oktober 2007

Haustferie

No har vi begynt å gle oss til haustferien.
Vi gler oss til "late dagar" og "slektstreff".
Eg skriv litt planar, slik at vi kan samkøyre.
Det hadde vore kjekt om sunnmøringane kunne treffest her når Einar er heime.
(Invitasjon!)

Einar kjem heim fredag føremiddag.
Laurdag skal eg hjelpe ei venninne i mannen sin 50-årsdag.
Søndag skal Håkon og Sjur på sonesamling i Volda.
Neste torsdag kjem PE med familie, og vi håper at også H med familie kjem.

Dette så langt eg veit i skrivande stund.