laurdag 20. oktober 2007

Jordskokk


Eg har dyrka jordskokk i flere år.
I fjor var det blitt så mykje at eg måtte til å hauste.
Eg prøvde å lage jordskokkpuré, men det fall ikkje i smak.
Eg fann oppskrift på jordskokksuppe,
men eg kom aldri så langt at eg laga det.

Ei venninne vill gjerne begynne å dyrke jordskokk,
og ho fekk kanskje ein tredel av det eg hadde.
I år er der like mykje.

Så fann eg på at eg kunne prøve å steike den i omnen saman med
andre grønsaker. Det var godt!

No står ei form med grønsaker krydra med salt, pepar og
provencekrydder i omnen. Eg heller også litt olje over.
Dette serverer eg til heimelaga karbonadar.
Kjempegodt!
ps
Kanina er veldig glad i jordskokk, og det er bra,
for dei er ikkje akkurat lette å skrelle.

2 kommentarer:

Milena sa...

Har du jordskokk til overs,kan eg tenke meg å ha nokre,takk!! :-)

solveig sa...

Det skal det bli ei råd med.