søndag 28. oktober 2007

Sjokoladepudding


1 dl maisenna
1 dl sukker
3/4 dl kakao
-
1 l mjølk
-
2 ts vaniljesukker
-
1. Bland saman det tørre før du rører inn mjølka.
2. Kok opp medan du rører.
3. Lat puddingen koke eit par minutt før du tek panna til side
og har i vaniljesukker.
-
Server med vaniljesaus - gjerne Piano.
-
I går ringte ein kollega. Ho skulle ha tanteborn på besøk og fann ikkje oppskrifta på sjokoladepudding. I dag fekk eg lyst å lage sjokoladepudding sjølv.
-
Til sjokoladepudding passar det godt med gele med jordbær/bringebær, gjerne lett til dei som ikkje skal ha sukker/kaloriar. Hermetisk frukt/fruktsalat med krem passar også godt på dette dessertbordet. Når ein er mange samla, kan ein like godt ha to-tre ulike dessertar i staden for å ha mykje av ein sort.

3 kommentarer:

Besta sa...

Det er sikkert mange som vil prøve seg på denne enkle og gode desserten. Eg kan anbefale den på det varmaste. Kan like godt lage den sjølv som å kjøpe pakkar t.d.

solveig sa...

Like enkelt som å koke kakao for å seie det sånn - og betre enn Piano.
Eg laga vaniljesaus av eggeplommer m.m. I dag traff eg heilt, men der trengs det øving!

arieldog sa...

Voksduken på bildet er identisk med den eg kjøpte i sommar... God smak?