fredag 26. oktober 2007

Ikkje greit å vere skjor i dag


No har vi endeleg fått bossdunkar på Hareid.
Eg har skrive til reinhaldsverket og takka samtidig som eg har peika på plasseringa av igloen i Hareid sentrum. Viss ein skal levere glas og metall på Hareid, må ein nemleg køyre det ned på kaia, helst ein søndag når parkeringsplassen ikkje er full. (NB! Ein kan sjølvsagt gå nokre meter. Det gjer eg.) Eg har sagt til dei fleire gongar at kvar butikk burde ha sin iglo eller anna innsamlingscontainer.
No har eg samla saman ein bossekk med eigne kle til Ukraina. Mykje er fint, men eg innser at eg ikkje kjem til å bruke det meir.
Det er kjekt med ledig plass i skapet. Men no har eg ei heil hylle med klutar, handdukar og laken frå Kid. Kvar gong ein kjøper noko der, legg dei fram eit tilbod på noko til halv pris. Jau, seier eg då, eg treng vel alltids nokre gasklutar, microfiberklutar eller golvklutar. Eg har i alle fall nok til å utstyre ein ungdom til hybelliv.

2 kommentarer:

Besta sa...

De ligg litt etter i løypa-her skal vi snart til med meir avansert kjeldesortering.Men eg veit ikkje om vi skal behalde dunkane også.
I dag tidleg bles det slik at dei fleste dunkane låg velta. Pappa var ut og drog teiner, men fekk berre krabbe. Ingen hummarar i dag!

solveig sa...

Her er dunkane utstyrte med namn og strekkode. Neste år skal bosset vegast. Mange er i mot det.Det vert argumentert med at det vert dyrt å kaste bleier. No har ikkje vi bleieungar lenger, men eg har ein følelse av at bleieprisane er dei same som for 20 år sidan? Noko anna er at det finst familiar med bleieungar på 10. Det burde kanskje finnast ordningar der dei t.d. fekk betale gjennomsnittspris?