torsdag 25. oktober 2007

Operasjon dagsverk og leir.

I dag er det vore fotballtrening for alle tre.

Olaug skal på leir i Brusdalen saman med to venninner i morgon.
Det får ho skrive meir om når ho kjem att søndag.

I morgon er det OD-dagen. Eg leiger Audun til kjøkentak og vegger i tillegg til golv. Arbeidsdagen skal starte 10.00.

Sjølv har eg planer om rydding av skap i tillegg til hagearbeid.
Emanuel hjelpende hander har innsamling til Ukraina, Polen og Latvia laurdag. Trur dei skal ha med nokre frå Ungdom i oppdrag. Eg likar betre å gje til desse som ofte har referat i avisa, enn å gje til UFF utanfor Prix. Kleda mine som ikkje har vore i bruk siste året, skal andre no få nytte av!

No har Nusse fått vinterpels og det går an å ha han inne igjen.
I det siste har det lagt att hybelkaniner etter han.

1 kommentar:

Besta sa...

Det erkjekt å få levere klede og anna til innsamlingar, eg fekk så god plass i skapa etter at eg fekk gitt bort noko av det eg aldri brukar. Trur eg leverte inn 7 jakker av mine....Nektar å slite ut gamle klede! Men det er så mykje lettare å kvitte seg med ting når andre kan få nytte av dei.
Berre rens opp!!!