måndag 30. november 2009

Betinga læring?


I går hengte vi opp julegardiner på kjøkenet og leita fram litt adventspynt.  Julekoppane bruker vi heile desember.  Og når ein kjem heim etter fotballtrening, kva smakar betre enn ein sjølvlaga kopp varm sjokolade?  Eg trur idéen kom av koppen.

søndag 29. november 2009

Julegrantenning og kaffikos i Brandal


I dag spelte skulekorpset på julegrantenninga i Brandal.  Fotoapparatet mitt tek ikkje gode bilde verken ute i mørket eller inne på avstand, men de oppfattar kanskje stemninga.  Den første snøen kom i dag.

Kaffi og kaker på Brandal bedehus.

laurdag 28. november 2009

Verdas handlefrie dag


I år, som i fjor og åra før det, opplyser dei på nyheitene at i dag har det vore årets handlefrie dag, og folk har handla som aldri før.  Kva om dei hadde mint oss på dette dagen før?  Det hadde vore interessant å vite om vi hadde lete oss stoppe.

Her i huset begynte vi å ta ned adventspynt frå loftet i dag.  Og så var det store spørsmålet: Kvar er den sjuarma lysestaken?  Det begynte å demre for oss at den då over 20 år gamle staken takka for seg i fjor og hamna i bosset.

Knapt ein halv time før stengetid køyrde vi ned.  Valet skjedde ut i frå to kriterier: Han ville ha sjuarma, og eg ville ikkje ha ein 80-tals!

fredag 27. november 2009

Julegran og julehandel


Blogglesarane trur kanskje eg ligg sjuk sidan eg ikkje skreiv noko innlegg i går?  Tvert imot, kan ein kanskje seie.  Eg vikarierer så mykje at  ettermiddagane går med til førebuing og retting.  Når det gjeld tilbakelevering av prøver, skal det mykje til at eg ikkje held det eg lovar. 

I dag har det vore tenning av julegran.  Korpset spelte fint!  Eg tok meg litt tid tid kaffi i teltet før eg gjekk vidare på runden.

Det er kanskje seint å kjøpe novemberkaktus no, men eg fekk så lyst å ha denne fargen i samlinga mi.  Pottene kjøpte eg på Angelsen i dag i tillegg til fire raude julestjerner som eg skal ha på kjøkenet.

Vi må ha klar julegåvene til Øystein si slekt til neste helg.  Eg gjorde meg eit ærend over Eidet.  Der kjøpte eg litt hemmeleg.  Runden avslutta eg medå kjøpe ein pose smultringar til kaffien i dag.  Er dei gode, vert det nok fleire posar framover. Andre her er ikkje så glade i smultringar, av ulike grunnar.  Ein fann eit halvt innsekt i sin sist han åt det til dømes.

God helg!

onsdag 25. november 2009

Er budd


Smitten spreier seg.  No ligg mannen i huset med feber og kvalme.  Her gjeld det å ha planane klar på jobb.  Ein får legge fram på pulten det ein eventuell vikar måtte trenge før ein går heim. Skal eg ha sykja, så får eg den no.  Vaksinering for lærarar vert måndag.  Men har eg ikkje blitt sjuk til då, så er vel faren over.

Som de ser har eg sikra med mykje godt lesestoff frå biblioteket her i bygda.

Bok 73: Reprise


Denne boka trudde eg ikkje at eg hadde lese.  Men eg vart meir og meir usikker, for her var mykje eg drog kjensel på.  Heilt sikker vart eg ikkje før eg plutseleg såg for meg eine blomsterbedet mitt.  Eg må ha hatt den på øyret medan eg luka.

Dette er Fossum i kjend stil. Vi får innsikt i forbrytaren sin tankegang, og vi får nesten sympati for han.  Det er ein stakkar på mange måtar.  Eit innbrot går gale og han vert drapsmann.  Sejer løyser sjølvsagt saka.

Dette er god krim som toler å bli lesen om att.  No har eg fått tak i ei til av same forfattar som eg gler meg til å lese.  Elles så minner eg om Dagbladet si kåring av beste krim.  Vinnaren er ei av mine yndlingsbøker.

tysdag 24. november 2009

Gratulerer!


I dag vil vi gratulere Erlend med dagen!  Han er 6 år og skulegut!

måndag 23. november 2009

He du månge yndlingsdikt?

I dag annonserte eg at i morgon skal vi gå gjennom yndlingsdiktet mitt "Du må ikke sove".  "Sei mej en ting; kor månge yndlingsdikt he du?".  For ei veke sidan las vi "Jeg ser". Dette er sjølvsagt to heilt ulike dikt, men med det til felles; dei er geniale ut frå den tida dei er skrivne i.  Og her er det mykje å analysere og diskutere!




Du må ikke sove



Jeg våknet en natt av en underlig drøm,
det var som en stemme talte til mig,
fjern som en underjordisk strøm -
og jeg reiste mig op: Hvad er det du vil mig?

- Du må ikke sove! Du må ikke sove!
Du må ikke tro, at du bare har drømt!
I går blev jeg dømt.
I natt har de reist skafottet i gården.
De henter mig klokken fem imorgen!

Hele kjelleren her er full,
og alle kaserner har kjeller ved kjeller.
Vi ligger og venter i stenkolde celler,
vi ligger og råtner i mørke hull!

Vi vet ikke selv, hvad vi ligger og venter,
og hvem der kan bli den neste, de henter.
Vi stønner, vi skriker - men kan dere høre?
Kan dere absolutt ingenting gjøre?

Ingen får se oss.
Ingen får vite, hvad der skal skje oss.
Ennu mer:
Ingen kan tro, hvad her daglig skjer!

Du mener, det kan ikke være sant,
så onde kan ikke mennesker være.
Der fins da vel skikkelig folk iblandt?
Bror, du har ennu meget å lære!

Man sa: Du skal gi ditt liv, om det kreves.
Og nu har vi gitt det - forgjeves, forgjeves!
Verden har glemt oss! Vi er bedratt!
Du må ikke sove mer i natt!

Du må ikke gå til ditt kjøpmannskap
og tenke på hvad der gir vinning og tap!
Du må ikke skylde på aker og fe
og at du har mer enn nok med det!

Du må ikke sitte trygt i ditt hjem
og si: Det er sørgelig, stakkars dem!
Du må ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer dig selv!
Jeg roper med siste pust av min stemme:
Du har ikke lov til å gå der og glemme!

Tilgi dem ikke; de vet hvad de gjør!
De puster på hatets og ondskapens glør!
De liker å drepe, de frydes ved jammer,
de ønsker å se vår verden i flammer!
De ønsker å drukne oss alle i blod!
Tror du det ikke? Du vet det jo!

Du vet jo, at skolebarn er soldater,
som stimer med sang over torv og gater,
og opglødd av mødrenes fromme svig,
vil verge sitt land og vil gå i krig!

Du kjenner det nedrige folkebedrag
med heltemot og med tro og ære -
du vet, at en helt, det vil barnet være,
du vet, han vil vifte med sabel og flag!

Og så skal han ut i en skur av stål
og henge igjen i en piggtrådsvase
og råtne for Hitlers ariske rase!
Du vet, det er menneskets mening og mål!

Jeg skjønte det ikke. Nu er det for sent.
Min dom er rettferdig. Min straff er fortjent.
jeg trodde på fremgang, jeg trodde på fred,
på arbeid, på samhold, på kjærlighet!
Men den som ikke vil dø i en flokk
får prøve alene, på bøddelens blokk!

Jeg roper i mørket - å, kunde du høre!
Der er en eneste ting å gjøre:
Verg dig, mens du har frie hender!
Frels dine barn! Europa brenner!

Jeg skaket av frost. Jeg fikk på mig klær.
Ute var glitrende stjernevær.
Bare en ulmende stripe i øst
varslet det samme som drømmens røst:

Dagen bakenom jordens rand
steg med et skjær av blod og brand,
steg med en angst så åndeløs,
at det var som om selve stjernene frøs!

Jeg tenkte: Nu er det noget som hender. -
Vår tid er forbi - Europa brenner!

Arnulf Øverland

-1937-

Nei og ja

Eg har lete meg lure eller lokke til å seie ja - igjen.  Først fekk eg spørsmål om eg kunne tenke meg å få tilsendt utstyr og registrere alle mine innkjøp.  Den beit eg ikkje på.  For eit styr!  Når ein først har fått varer i hus, er det nok jobb å rydde dei på plass om ein ikkje skal til å lese strekkodar.
Så ringer dei: - Kvifor?
- Nei, det eraltfor tidkrevjande, svarte eg.
Så var det om eg kunne vere med på ei mindre omfattande undersøking, nemleg å registrere all adressert reklame.  Sidan eg hadde vore så negativ til den første, svarte eg sjølvsagt ja til ei enklare undersøking.  Er dette eit psykologisk åtak?  Eg sit att med ei kjensle av at dei visste korleis dei skulle få meg med på denne siste.

søndag 22. november 2009

Bok 72: Rivertonprisvinnar

I fare for å gjenta meg sjølv: Varg Veum er best i lydbok! Lasse Lindtner gjev boka ein ny dimensjon.  Når han les sunnmørsk damestemme t.d., viser han stort skodespelartalent.

Sjølve historia er i kjend Staalesen-stil.  Her er trådar attende til fortida. 

Språket er karakteristisk.  Det er proppfullt av samanlikningar og sarkasmar, noko eg har stor sans for.  Han gjev gjerne personane namn med bokstavrim som Bodil og Berit Breheim, Solveig Sletta m. fl.  Dette gjer dei lettare å hugse jfr: Håvamål. (Dette er til 10.klassingane mine!) Veum føler seg vis som Salomon, men ikkje høgare i hatten enn Jørgen hattemakar ved eitt høve.  Eit blomstrande språk med andre ord.

Les meir her og høyr gjerne boka. 
For dei som likte filmane: Bøkene er mykje betre!

laurdag 21. november 2009

Fellesfeiring


I dag har vi feira morfar og minstemann på Møre som begge har geburtsdag i november.  I tillegg til ei Kiss-T-skjorte hadde vi kjøpt ei bok om store oppdagarar.  Gutane her i huset likte godt ulike faktabøker i den alderen.

Ein annan tradisjon i familien er julemiddag denne dagen.  Moren er annleis i indre strøk enn i ytre.  Her på Øya er det Brudevollmôr, medan i Ørsta/Volda er det Jacobsen/Melle-môr som tel.  Dei er gode på kvar sin måte.

Det vil seie, eigentleg bør ein lage môr sjølve.  Akkurat som lefser og flatbrød, bør môren vere heimelaga.  Eg melder pass!  Sjølvsagt kunne eg tenkt meg å lære å lage pølser og môr.  Men med full jobb med engelskstilar, bokmålsstilar, nynorskstilar og andre prøver i tillegg til julegåvekjøp og førjulsaktivitetar, så strekk ikkje tida eller energien til.  Eg prøver å avgrense matlaginga til det eg synest er kjekt.

fredag 20. november 2009

Pasta/kyllingsalat


Mannen i huset skal på kollegafest i dag.  Han hadde fått ei utfordring om å lage pasta eller kyllingsalat, og var snar med å få oppdraget over på meg.  Ei smal sak, tenkte eg, salat på hans nivå.  Så eg leita fram kokebok for barneskulen.  Dessverre hadde han røpa for kollegaene at det var eg som skulle ta jobben.
Eg tok utgangspunkt i boka og laga salat av:
200 g pasta
1 isebergsalat
1 paprika
1 agurk
1 boks mais
150 g ost i terningar
2 pk salatkylling
8 egg

Dressing:
1 boks lettrømme
saft av 1/2 sitron
1/2 ms sukker


Det er veldig greit å bruke salatslynge for å få tørr salat.
Salatkylling er veldig greit å ty til når ein har det travelt.  Men kva trur de om å steike kyllingfilet i strimlar og kjøle ned slik dei gjer det på Mc Donalds?

P.s.
Det høyrer med at medan eg handla og laga pastasalat, vaska han alle golva i huset.

onsdag 18. november 2009

Besteforeldrefest


I dag har vi hatt den årlege besteforeldrefesten på skulen.  Vi har dekka 20 bord og smurt rundstykke.  Borddekorasjonane laga vi i går.  Vi serverte også lefser som vi bakte førre veke.  Elevane hadde laga mykje godt program.  Eg kan ikkje legge ut bilde av folk, men eg kan vise fram dei dekka borda.  Legg også merke til dei nye stolane våre i ulike gilde fargar.

tysdag 17. november 2009

Ulv, ulv?


I dag har det vore massevaksinasjon av born på Hareid.

Her i huset vakna 15-åringen og var kvalm og elendig etter å ha følt seg litt dårleg kvelden før.  Eg frykta sjølvagt influensaen med ein gong.  Og eg slapp å ta stilling til om han skulle vaksinerast eller ikkje.  Eg såg heller ikkje noko hansikt i å vaksinere systra når smitten først var komen i hus.

Vi hadde sjølvsagt ekstra lang dag på skulen i dag. I matfriminuttet stod det til liv.  Klokka to var han litt betre.  Og no har guten kvikna litt til!  Kva skal ein tru?  Har han sove sykja av seg?  Vi får vel ikkje vite det viss han ikkje vert sjuk ein gong til.  Men i morgon får han roe seg ned heime i tilfelle...

Eg har som første mål å få vere frisk i morgon.  Då er det den årlege besteforeldrefesten.  Andre mål er feiringa til helga.

P.s.
Eg er spent på kva slagt LinkWithin som kjem under denne overskrifta.

måndag 16. november 2009

Vent, vent til advent?


Krysantemane på kjøkenet har lide ein naturleg død.  Til advent, som no er rett rundt hjørnet, bruker eg å kjøpe raude julestjerner.  Rett etter nyttår er eg lei av jula, så eg kjøper dei tidleg i håp om at dei visnar tidleg i januar.

I dag kom eg over desse fylte ildtoppane (Kva heiter desse på nynorsk?). I november synest eg det er flott med rosa plantar.  Eg ser at butikkane har kvite variantar av mange sortar, men no treng vi fargar!

søndag 15. november 2009

Fotball heile helga


Dette G-15 laget kom til kvartfinalen i innandørs KM i dag.  Øystein er trenar og Håkon spelar.

Fotballhistorie


Fotballsida held no på å samle inn lagbilde frå "gamle dagar".  Dette bildet kjem frå kjellaren her.

laurdag 14. november 2009

Gratulerer!


I dag fyller pappa 73 år!  Vi gratulerer!
Bilda eg har funne fram er frå 2005, men kven skulle tru det?  Liknar dei ikkje mykje på dei på Besta sin blogg?  Det første bildet får vise den huslege sida til pappa.  I går laga Wenche på frukost-TV "Erter, kjøt og flesk".  Eg er overtydd om at pappa sin er betre!

Også denne vinteren vart det ved.

Dette bildet får symbolisere hobbyar og oppfølging av barnebarn.  I denne perioden var Håkon svært fugleinteressert, og pappa sette opp fuglekasser heime og sende med han.

Feiringa får vi ta att!  I dag er eg heime åleine utan bil.  Det er innandørsturneringar og kvalifiseringar i dag.  Jentene er på Vatne og gutane som Øystein trenar på Emblem.  Heia Hareid!

fredag 13. november 2009

Bok 71: Kokkekrim


Dette er den andre boka i serien med kokken Fredric Drum som detektiv. 

Eg har vorte temmeleg kresen på krim, og eg har nok likt betre dei andre nyare eg har lese i serien. Nygårdshaug skriv artig, men ein gissar løysinga litt for lett.  Dette er grei underhaldning.  Terningkast 3 frå meg.

Les gjerne meir om boka her.

onsdag 11. november 2009

Å rette baker for smed


I morgon skal vi lese diktet bak "å rette baker for smed" i 10.-klasse.  Dei som vil mimre litt frå ungdomsskulen, finn diktet her.

tysdag 10. november 2009

Lefsebaking heile veka


Vi har ein tradisjon på ungdomsskulen, nemleg at vi inviterer besteforeldre til å vere med oss å bake lefser.  Temaet er tradisjonsbakst. 

I dag hadde vi og besøk frå Vikebladet.  Dei vil ha ein reportasje i adventsnummeret sitt.  Så lenge til, tenkte eg først.  Men eg innsåg raskt at det er berre to veker til advent.

Sidan eg ikkje kan legge ut bilde av elevar, fann eg fram dette to år gamle bildet av meg sjølv.

p.s.
I går la eg inn LinkWithin.  Så får vi sjå korleis datamaskina tenkjer.  Eg trudde eg måtte finne sakene sjølv, men dei kjem opp av seg sjølv.

måndag 9. november 2009

Bok 70: Grei krim


Faldbakken skriv godt, og krimgåta vert oppklart på ein truverdig måte.  Likevel sit ein att med ei kjensle av at han helst har lyst til å skrive om parforhold som knirkar. Men krim gjev inntekter!?

Det er kanskje menneskeskildringane og skildringane av forhold mellom menneske som gjer boka til litt over gjennomsnitt god. Eg ser at  anmeldarar gjev boka terningkast 3, sjølv ville eg ha landa på 4.

Les gjerne meir om boka her.

søndag 8. november 2009

Fisk på farsdag


Far i huset kom att frå hovudstaden midt i cupfinalen.  Olaug hadde bestemt menyen: Aure.  Det kjøper vi rimeleg på Prix.  Kan du å gjere opp fisk? spør eine venninna mi.  Svaret er:"Nei, men eg gjer det likevel".  Auren har lagt i kjøleskapet i natt, og med ein skarp kniv går det betre for kvar gong.

Denne fiskeretten har eg vist på bloggen før.  I dag vert det "steg for steg".
Ein begynner med å legge dei grønsakene ein liker på botnen av ei eldfast form.

Fisken legg eg andføttes over grønsakene.  Så skjer eg nokre snitt i fisken der eg stikk inn nokre sitronskiver.  I dag hadde eg ca 3/4 ts salt over og litt pepar.  Her var tomt for fiskekrydder.

Bak forma ser de ostehøvel og meierismør.  Smøret smeltar og trekkjer seg gjennom fisken og ned til grønsakene.  Deretter legg ein lok over forma eller kler ho med aluminiumsfolie.  Steik ved 200-225 grader ca 1/2 time.

I dag serverte eg mandelpoteter til fisken.  Men ein regel vart broten: Folk skal vente på potetene, ikkje omvendt.  Og det var takka vere ekstraomgongar og straffesparkkonkurranse.

Eg kokte sjølvsagt full grautpanna mi i går og, så her vart det mykje graut til overs.  Eg kokte raud saus av heimelaga saft.  Ei sitronskive oppi gir frisk smak, og så heng snerken fast i den når du tek den ut før servering.

Sist det var "halv pris på hele butikken" fall eg for desse dompapskålene.  Dei hadde seks att, og eg kom til at dei tek ikkje så mykje plass i skapet. 

Eg har fått høyre at det har vore nok brød på bloggen.....

laurdag 7. november 2009

Korps og kor




I dag har vi vore på kunst- og kulturmesse på Bigset.  Olaug spelte i korps, og så fekk vi med oss Ten Sing sine songar rett etterpå.  Eg hadde vore eins ærend i banken for å ha kontantar klar, men det vart berre til at vi kika litt og kjøpte oss kaffi og kaker. 

Elles så er det vel slik at folk har ulik smak. For nokre år sidan var det eit produkt eg ikkje forstod meg på.  Det var rosemåla og likna på ei postkasse.  Svaret var pappvinhaldar.  No vert det ikkje drukke så mykje vin her i huset, men om eg skulle servert pappvin, ville eg ha hatt den i ein karaffel!

Fag utan fasit?

Vi har begynt med diktanalyse i 10-klasse.  Det er ikkje alle, verken vaksne eller ungdommar, som er så begeistra for dette.  Og det veit vi norsklærarar! Men vi har tru på at auka kunnskap gjev auka interesse.

Kan ein finne gode døme på samanlikningar, metaforar, symbol, besjeling og personifisering?  Märtha du er som en lysfontene, slår an. I læreboka vår er det dessutan spørsmål om kva ein påfugl kan vere symbol for. 

No prøver eg å opparbeide eit lite lager på språklege artigheiter av ulike slag.  Denne og/å setninga fann eg i "Saksa" i Sunnmørsposten i dag: Dronning Sonja, som er kjend for å elske og gå i fjellet.

Syng på siste verset


Hugsar de denne frå i vår?
Sant å seie har eg vore skuffa over denne planten. Han brettar ut blomane berre i full sol, men i dag har dei glimta til, både han og sola.

fredag 6. november 2009

Supporterutstyrtabbe


Ålesunderane har fått noko å henge seg opp i.  Dei har funne skrivefeil på Moldeskjerfet, og då snakkar vi ikkje om dialektordet dæm. Medan nokre ville ha gremt seg over å gå med skrivefeil rundt halsen, synest visst andre at det er stor stas.

Eg har sagt det før, og eg seier det igjen; det er ei ærleg sak å ikkje vere stø i rettskriving, men då bør ein søke hjelp før ein t.d produserer skilt og skjerf.

I media vert det framstilt som at her skal det bli kamp mellom Sunnmøre og Romsdal.  Sjølv trur eg ikkje det vert sorg rundtom i bygdene her om Molde skulle vinne!

torsdag 5. november 2009

Lyrics

They call me the wild rose
but my name was Elisa Day
Why they call me it I do not know
For my name was Elisa Day


From the first day I saw her I knew she was the one
As she stared in my eyes and smiled
For her lips were the colour of the roses
That grew down the river, all bloody and wild


When he knocked on my door and entered the room
My trembling subsided in his sure embrace
He would be my first man, and with a careful hand
He wiped at the tears that ran down my face

Chorus

On the second day I brought her a flower
She was more beautiful than any woman I'd seen
I said, " Do you know where the wild roses grow
So sweet and scarlet and free?"


On the second day he came with a single red rose
Said:"Will you give me your loss and you sorrow?"
I nodded my head, as I lay on the bed
He said, "if I show you the roses will you follow?"


Chorus


On the third day he took me to the river
He showed me the roses and we kissed
And the last thing I heard was a muttered word
As he stood smiling above me with a rock in his fist


On the last day I took her where the wild roses grow
And she lay on the bank, the wind light as a thief
As I kissed her goodbye, I said, " All beauty must die"
And lent down and planted a rose between her theeth


Chorus......

Langhelg i Oslo


Forfattaren har reist til hovudstaden i helga.  Der får han og til til å besøke jusstudenten.  Her ser de fotballaget hans.  De dreg kanskje kjensel på andre sunnmøringar?

Å vakne til musikk



Vekkjarklokka vår er stilt inn litt før nyheitene startar klokka sju. Av og til set musikken ein får høyre fast resten av dagen, og kanskje dagen etter.

tysdag 3. november 2009

Bygdekino


I dag hadde skulen besøk av ein omreisande kino.  Det var til og med skifte av rull midt i.  Dette var sjølvsagt uvanleg for elevane. Det likna på kino, hadde det ikkje vore for stolane, hadde ein elev uttalt.  Men hos oss vaksne gjekk tankane attende til barndomen.  Stolane på Idavollen i Ørsta var ikkje akkurat komfortable.

Det er aldri godt å vite kva som fengjer elevane.  Eg var skeptisk undervegs,  spesielt til om dei kom til å "godta" denne engelen.  Men det er tydeleg at både forfattaren og filmmakarane veit kva som skal til.  Filmen var gripande, fekk eg høyre av 10-klassingane. De kan lese meir om filmen her.

Over Eidet etter bøker III


Ha deg ut på biblioteket så du får sove i natt!

Kvifor eg får høyre slikt?  Jau, for då eg skulle til å rippe den eine boka eg lånte torsdag, viste den seg å ha ein liten sprekk.  Då eg skulle til å sjå nærare på innpakninga var der ein bit vekke på ringen i midten.  Eg meinte eg ikkje hadde fare stygt åt med den, og viss eg hadde øydelagt den, skulle plastbiten ligge der.  Men så er det dette å vere 100% sikker. Viss eg vert for påståeleg, så skuldar eg førre lånar for å vere uærleg.  Kva gjer ein?  Seier det som det er sjølvsagt.  Når eg tenker meg om, har eg aldri møtt på ein utriveleg bibliotekar.  Ikkje i dag heller. Ho meinte det er slikt som skjer.  Dei kan kanskje få tak i eit anna eksemplar og kopiere den eine plata.

Boka til høgre har eg ikkje lese før.  Det er andre boka i serien med kokk som helt.  Boka til venstre er svært kjend, men eg trur ikkje eg har lese den før.  Eg gler meg til begge to!

måndag 2. november 2009

Bok 69: Finsk forteljarglede


Dette er forteljinga om ei gammal dame som vert terrorisert av ein nevø som ho har vore som ei bestemor for.  I staden for å la seg knekke, går ho til, ikkje berre forsvar, men motangrep.

Her er det berre å la seg rive med i forteljinga og vere med på reisa..  Dette er ei lettlesen bok som høver for alle som elskar finsk humor.

Les meir om boka her og unn deg å lese boka, gjerne som lydbok.