måndag 16. november 2009

Vent, vent til advent?


Krysantemane på kjøkenet har lide ein naturleg død.  Til advent, som no er rett rundt hjørnet, bruker eg å kjøpe raude julestjerner.  Rett etter nyttår er eg lei av jula, så eg kjøper dei tidleg i håp om at dei visnar tidleg i januar.

I dag kom eg over desse fylte ildtoppane (Kva heiter desse på nynorsk?). I november synest eg det er flott med rosa plantar.  Eg ser at butikkane har kvite variantar av mange sortar, men no treng vi fargar!

4 kommentarer:

Besta sa...

Og eg vil kjøpe kvite julestjerner, det blir alltid nok raudt i jula. Men eg har glaskarmane fulle av blomster.......

solveig sa...

Eg pyntar mindre og mindre og let julestjernene vere ein del av det raude.

Anlen sa...

Eg gler meg til å pynte, men jammen vert eg lei av julestjernene i januar, ja! Kanskje ein god ide å starte litt før, så er dei sikkert klare til utskifting i januar;)

solveig sa...

Eg pyntar gjerne i adventstida med julegardiner og plantar. Det er den tida i året eg godt kunne tenkt meg å vere lærar i barneskulen att....
I januar er det full fres att på jobb, og då er jula slutt for meg.
18. januar har yngstemann fødselsdag, og då et vi opp alle restar. Då er alt på tilbos, så har ein ikkje fått nok julemarsipan, kan ein kjøpe til halv pris.