tysdag 3. november 2009

Over Eidet etter bøker III


Ha deg ut på biblioteket så du får sove i natt!

Kvifor eg får høyre slikt?  Jau, for då eg skulle til å rippe den eine boka eg lånte torsdag, viste den seg å ha ein liten sprekk.  Då eg skulle til å sjå nærare på innpakninga var der ein bit vekke på ringen i midten.  Eg meinte eg ikkje hadde fare stygt åt med den, og viss eg hadde øydelagt den, skulle plastbiten ligge der.  Men så er det dette å vere 100% sikker. Viss eg vert for påståeleg, så skuldar eg førre lånar for å vere uærleg.  Kva gjer ein?  Seier det som det er sjølvsagt.  Når eg tenker meg om, har eg aldri møtt på ein utriveleg bibliotekar.  Ikkje i dag heller. Ho meinte det er slikt som skjer.  Dei kan kanskje få tak i eit anna eksemplar og kopiere den eine plata.

Boka til høgre har eg ikkje lese før.  Det er andre boka i serien med kokk som helt.  Boka til venstre er svært kjend, men eg trur ikkje eg har lese den før.  Eg gler meg til begge to!

1 kommentar:

Besta sa...

Kan ikkje hugse å ha lese nokon av desse bøkene. Og eg veit ikkje om eg er interessert heller. Vi får sjå kva du synest om dei.