fredag 27. november 2009

Julegran og julehandel


Blogglesarane trur kanskje eg ligg sjuk sidan eg ikkje skreiv noko innlegg i går?  Tvert imot, kan ein kanskje seie.  Eg vikarierer så mykje at  ettermiddagane går med til førebuing og retting.  Når det gjeld tilbakelevering av prøver, skal det mykje til at eg ikkje held det eg lovar. 

I dag har det vore tenning av julegran.  Korpset spelte fint!  Eg tok meg litt tid tid kaffi i teltet før eg gjekk vidare på runden.

Det er kanskje seint å kjøpe novemberkaktus no, men eg fekk så lyst å ha denne fargen i samlinga mi.  Pottene kjøpte eg på Angelsen i dag i tillegg til fire raude julestjerner som eg skal ha på kjøkenet.

Vi må ha klar julegåvene til Øystein si slekt til neste helg.  Eg gjorde meg eit ærend over Eidet.  Der kjøpte eg litt hemmeleg.  Runden avslutta eg medå kjøpe ein pose smultringar til kaffien i dag.  Er dei gode, vert det nok fleire posar framover. Andre her er ikkje så glade i smultringar, av ulike grunnar.  Ein fann eit halvt innsekt i sin sist han åt det til dømes.

God helg!

6 kommentarer:

Anlen sa...

Eg har ikkje kamera med blits, så det vert lite bilete frå kveldsaktivitetar no for tida. Fint å sjå dine!

Eg syns korpset klarte seg bra i dag, og eg trur dei fekk mykje inn i korpskassa frå loddsalet. Det brukar alltid å vere ein suksess;)

Anlen sa...

Smultringar er forresten godt, men eg likar dei berre når dei er nysteikte. Det vert ikkje det samme når dei har vore i frysaren ei tid.

Smultringbilen er farleg...

arieldog sa...

Nydeleg farge på den kaktusen! Korpset her inne skal spele på julegrantenning på søndag - då kjem kanskje julestemninga sigande på!

Besta sa...

Her tenner dei ikkje julegrana før 2.søndag i advent-så det er høve til å få med seg ei tenning til for dei som har tid og høve til det.Eg fann to novemberkaktusar i kjellaren, den ein korallraud,den andre lysrosa, begge er nesten avblomstra no.Lurer på korleis dei kan vite kva tid det er november........

solveig sa...

Dei ser vel lyset!
Smultringane skjerpar eg når dei har vore frosne, t.d. på eit fat oppå omnen.

solveig sa...

Til Anlen vil eg også seie at utebilda mine vert ikkje fine. Du må berre knabbe bilde frå meg, eg deler gjerne, viss du har lyst å skrive om aktivitetane.