fredag 30. juli 2010

Dagens blomst 31. juli: Rome

Rome Narthecium ossifragum
os=bein fragum= skjør

Denne planten veks det mykje av på Hareidlandet.  Noko som er eit problem for sauene.  Rome høyrer til giftlilje-gruppa.  Den gjer at sauer kan få alvelda,eller alveld som ein seier her, ein hudsjukdom  Kvite lam kan i verste fall verte blinde og døy.

Ein meinte at rome gav dyra beinskjørheit.  Dette stemmer ikkje.  Romeplanten veks i kalkfattige myrer, så det er alle vekstane der som inneheld lite kalk.

Dagens blomst 30 juli: Ryllik

Ryllik Achillea millefolium
mille=tusen folium=blad

torsdag 29. juli 2010

Banan- og honningbrød

... eller gjer som Jamie

For nokre dagar sidan kjøpte eg nokre bananar i ein pose til 10 kr.  No hadde dei sett sine beste dagar.  I Jamie si kokebok fann eg ei oppskrift på bananbrød som eg fekk lyst å prøve.  Eg brukte foodprosessor og kjøkenmaskin.  Hevinga gjekk litt treigt, så i oppskrifta under anbefaler eg ein pakke fersk gjær.  Eg sette bollen på vekta og vog opp ingrediensane.  Spesielt med flytande honning synest eg det var praktisk.  Eg hadde i eit egg då deigen min vart litt fast.  Eg var og freista til å ha i litt smør, men heldt meg.

Eg starta med å hakke "ein neve", med meg vart det 125 g mandlar, i foodprosessoren.  Deretter mosa eg 6 bananar til dei vart ei suppe.

1 pk gjær
ein neve mandlar, kan sløyfast
6 1/2 dl mosa banan +vatn
60 g flytande honning
1/2 ss salt
(1 egg- mitt påfunn)
ca 1 kg kvitemjøl
---
honning til toppen

Bland alt i kjøkenmaskina og lat ho gå til deigen er glatt og fin.
Hev til dobbel storleik
Form 10 bollar (eg laga 12)
Legg dei tett i ei form.
Hev til dobbel storleik.
Drypp honning over brøda.
(Her kunne eg ha vore rausare.)
Steik ved 200 grader i 20 minutt.

Mat og krim

I dag lånte eg med meg eit par hobbybøker i tillegg til krimbøker.

Eg har fått meg ny bestevenn ...

Den finaste

Blogglesarane hugsar kanskje aloharosa mi.  Det er ein stikling som har vakse seg til ei rosebuske i skvåsjåkerern.  I år er der 7 roser.  Desse skal eg prøve å lage nye plantar av.  Då set eg rosene der eg vil dei skal vekse. Framhald følgjer.
Det var ein hard vinter, så det var liv i berre eine stiklingen frå i fjor.  Ein strauk med siste frostnatta i vår.

Eg kjøpte ei potte med ulike fargar riddersporar i på Mester grønn i fjor eller forfjor.  I tillegg fekk eg ein avleggar av mi venninne M.  I fjor åt eit eller anna kryp opp omtrent alle blomstrane.  I år har dei berre ete M si. Men blada er fine, så det gjeld å lokalisere og ta krypå neste år.
Busknellik sådde eg for minst ti år sidan.   Dei har no kome tilbake i kvitt og ei mengd rosafargar.

WISP: No skal eg ete omnsbakt sei.  I går tok eg opp lutefiskbacon til pannekaker, skvåsj og kvite bønner til minestronesuppe.  No begynner det å vise i frysaren.

Dagens blomst 29 juli: Revebjelle

Revebjelle Digitalis purpurea
Påturen vår i går gjekk vi forbi mange revebjeller.  Dette er ein av dei få blomstrane eg går rundt og kan det latinske namnet på.  Det er så logisk!
Revebjelle er in giftig plante, berre 2-3 g tørka blad kan vere dødeleg. I små mengder har planten vorte brukt til hjertemedisin.


Nicolai Astrup hadde gjerne revebjeller med i måleria sine.

Bok 35: Nesten død mann


Dette er den første boka eg har lese av denne forfattaren.  Det er den niande boka med same krimhelt. 

Mine "bange anelsar" vart bekrefta.  Begynner ein å lese midt i ein serie, kan det bli vanskeleg å henge med.  Hadde ein kjendt helten og familiehistoria hans, hadde det vorte færre personar å halde greie på.

Hendingar i notid og fortid som har forbindelsar med kvarndre, er ikkje ukjendt i kriminallitteraturen.  Men eg meiner det må vere eit minstekrav at ein kan tru på historia.  I denne boka synest eg ikkje forfattaren lykkast med å gjere den truverdig.

Skal eg gje noko pluss, må det vere til språket.  Her er mange ironiske og artige formuleringar.

Eit uttrykk eg reagerte på var denne indianarsommaren han stadig kom tilbake til.  Eg trudde Indian summer skulle omsetjast med indisk sommar. Så lærte eg noko nytt.  Dette kan de lese meir om her.

onsdag 28. juli 2010

Koffert

Det skal pakkast no, og eg begynte å tenke meg redd.  Kofferten eg har lånt dei siste åra, greeier eg så vidt å trille og balansere på flatt golv.  Kjem det ein kant, for ikkje å snakke om brustein, slit eg.  Kanskje det er på tide å kjøpe seg sin eigen koffert? Dama på Blåhuset anbefalte denne i middels storleik med fire hjul.  På flatt golv treng ein berre så vidt skubbe han.   I alle fall så lenge han er tom.

Har eg nokon gong eigd ein koffert før?  Kanskje Besta hugsar det?

Høgåsen

I forgårs såg eg at ei facebookvenninne hadde vore på Høgåsen, og at der var ei fantastisk utsikt.  Så eg lokka Øystein med meg.  Det var greitt for han berre han fekk springe ei mil først.


Vi rota med å finne råsa.  Men eigentleg er det ganske enkelt.  Ein køyrer til Ytste Dimna og følgjer vegen til ein finn dette skiltet.
Her er neste råsval.  Vi gjekk opp på Svarane først.  Øystein skræmde opp eit par hjortar.  Eg fekk smakt eit par modne molter.  Det skal forresten vere eit dårleg molteår i år.  Ikkje så overraskande.
Høgåsen er ikkje noko høgt fjell, meir ein høg ås som namnet seier.
På nettet stod det at ein kunne gå opp frå Kleven, men Øystein har meir tru på å gå opp frå Hasundgot stadion.  Kanskje blogglesarane veit om der er rås?
Utsikt mot Hatløya og Borgarøya.

Øystein peikar heimover mot Hareid
Mot Herøy.  De ser sikkert brua.
Utsikta var flott.  Men eg er også glad i detaljane i naturen.  Her har eg brukt macroinnstillinga.

tysdag 27. juli 2010

Møter freistingar på Facebook

Eg er tilhengjar av Floriss Hareid og får derfor informasjon om  tilboda deira.  Det er ein fin måte å freiste meg på.  I går vart to orkidéar til 99 kr stk med heim.

WISP: Siste rest av grillmat har no kome opp frå frysaren, håper eg.  I staden for "ventepølse" laga eg ei blomkål- aspargessuppe til forrett.

måndag 26. juli 2010

Jordbær med fløyte

Ein gong i året - minst - må ein unne seg jordbær med sukker og rein kremfløyte. 

I dag hadde dei 4 kilos kartongar med reinsa jordbær frå Valldal på Prix.  Vanlegvis må ein bestille, men i år ville dei ta inn litt ekstra kvar dag.  Eg sikra meg to kartongar i dag med nydelege solmodne bær.  Det som ikkje gjekk med til dessert, skal rørast.

Jordbær er nydeleg og kan etast med godt samvit året rundt.  Det inneheld både jern og vitamin C, ein god kombinasjon for å få jern i blodet, populært kalla "blodprosenten".

P.S.
Det rørte syltetøyet skal sjølvsagt leggast i den reine frysaren.  Frå den andre tok eg opp sei til middag.  WISP- Work in slow process.

søndag 25. juli 2010

Latmannsbrød

Rett før vi for til Sverige, laga eg like godt eit stort rundt brød av heile deigen.  Det har eg halde fram med frå vi kom heim.  Eg knar deigen i maskina, har på litt olje og formar brødet rett på plata. No om sommaren er det ikkje nokon som treng formsteikte brød til matpakkar, så fasongen spelar inga rolle.

På denne måten får eg også brukt opp ein pakke tørrgjær om dagen.  Eg fann nærare 20 pakkar då eg vaska skapet.  Som de veit liker eg best å bruke fersk gjær, men så er det desse tørrgjærpakkane som følgjer med bakemikspakkane.

Opp av frysaren kom det 2 kg kyllinglår i dag.  Ned i frysaren vart det lagt 350 g rabarbara.  Det er ikkje til ei kake ein gong.  Trøysta er at rota veks!

laurdag 24. juli 2010

Majones frå grunnen av

Det har eg aldri laga før!  Før eg for på ferie, fekk eg smake heimalaga aioli utanfor Prix.  Det var kjempegodt.  I dag tenkte eg å begynne med det enklaste, nemleg vanleg majones.  Så eg tok fram den velbrukte raudruta kokeboka mi. 

Eg rørte først saman:
2 eggeplommer
1 ts sennep, dijon
1/3 ts salt
1/5 ts kvit pepar (eg hadde berre svart om nokon ser prikkar)
1 1/2 ms sitronsaft

Så spedde eg med 3 1/2 dl olje (eg brukte oliven, men ser at der står solsikkeolje i andre oppskrifter)
NB! Tynn stråle!

Dette gjekk heilt fint.  Majonesen tjukna etter kvart som ein hadde meir olje i.

Majonesen min vart nok ikkje så mild som Mills, kanskje fordi eg var litt raus med sennepen, eller fordi eg brukte olivenolje. Her tek eg imot gode råd!  Ikkje fordi at det er noko poeng at den skal smake kjøpt...

Kva som kom opp av frysaren i dag? Ja, ein pakke heimelaga fiskekaker.  I staden for å lage coleslaw, fann eg ut at eg kunne lage remulade.  Det er så gammaldags at dei yngste her ikkje hadde smakt det før.  Kanskje eg skal lage cabaret av nokre reker frå frysaren ein annan dag! Eg blanda litt lettrømme og hakka sylteagurkar i litt av majonesen.  Ærleg talt så trudde eg ikkje dette ville falle i smak, men det gjorde det!

Bok 34: Dansk krim


Denne boka er eit samabeidsprosjekt mellom to forfattarar.  Kaaberbøl er kjendt for ungdomsbøkene i Skammarserien.

Ei bok kan ha mange kvalitetar.  Vi norsklærarar vurderer gjerne språk og innhald.  Denne boka har eit enkelt språk.  Forteljinga står i fokus.  Og dette er ei godt oppbygd krimhistorie.  Der er fleire skjebnar som vert fletta inn i kvarandre.  Ein vert riven med.  Løysinga er logisk.

Som lydbok fungerte boka godt.  Personane kjem inn i historia slik at ein vert kjend med dei og hugsar dei frå kvarandre.  God ferielektyre!

Les meir her: http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=4688341&rom=MP

fredag 23. juli 2010

Stua grønsaker

Ja, då lurer vel blogglesarane på kva eg fanni frysaren i dag? Eg må tilstå at eg fann to ting som ein eigentleg ikkje bør fryse, nemleg pølser og sommarkotelettar.  Det siste kan unnskyldast med at ein kjøper dei frosne i pakkar til 28 kroner kiloen på Prix. I dag vart det grilling her.
Viss ein no er lei av potetsalat eller vil ha noko magrare og meir vitaminrikt, er stua grønsaker eit godt alternativ. Eg synest det er nydeleg, men kjem ikkje på å lage det så ofte.

Oppskrifta er enkel: Ein lagar ein tjukk, kvit saus.  Eg begynte med eit par skeier flytande bremykt og 1/2 dl kveitemjøl i dag.  Denne sausen får småkoke medan ein lagar til grønsakene.  Her tek du dei sortane du liker.  Eg brukte tre store gulrøter og eit blomkålhovud i dag.  Bruk ikkje for mykje vatn.   Dekk berre gulrøtene halvveis.  Ha i litt salt. Når grønsakene er kokte har du dei og kokekrafta i sausen.  Smak til med salt, pepar og litt grasløk.  Eg let grønsakene koke litt i sausen medan han tjukna litt.
Dette er mat som born liker.  Er det nokon som berre liker ei av grønsakene, er det lett å ta av det han/ho vil ha.  No er ikkje pasta ei grønsak, men det går an å ha litt kokt fullkornpasta om ein ønskjer det.

Dagens blomst 23. juli: Groblad

Groblad Plantago major
Akkurat dette eksemplaret foreviga eg rett før plenklipparen tok det.  Groblad finn ein der folk ferdast.  Den toler godt å bli trakka på.  Elles har den vorte brukt på sår og byllar som "plasterplante".

torsdag 22. juli 2010

Smak av sommar

I serien "ut av skapet - opp av frysaren"  har eg i dag brukt sukkerbrød, rørte jordbær og vaniljekrem frå frysaren.  Krem og jordbær kjøpte eg i butikken.  Yngstemann var ute saman med ein kompis og fiska i går kveld, så middagsmaten vert fersk.  Men no er eg i siget!

Halmstad

Ein kveld etter at vi hadde sola oss og bada heile dagen, såg vi at det var meldt torever neste dag.  Vi bestemte oss då for å oppleve ein ny by, og valet fall på Halmstad.
Vi rusla litt i gatene, shoppa og kjøpte oss mjukglass.  Før vi returnerte, hadde det allereie skine opp att.

onsdag 21. juli 2010

Eggerøre

På veg heimover høyrde eg eit program på radioen som tok opp kor mykje mat som vert kasta.  Amerikanarane er verst.  I Europa ligg Noreg på gjennomsnittet.  I butikkane vert det kasta mat som er utgått på dato, men kanskje like god.  Edemerosten er vel eit godt døme på det.  I tillegg kastar spesielt ungdomar mykje mat heime. Eldre er vel flinkare å planlegge innkjøp og tek betre vare på restar.

Ein kan vel ikkje gjere noko anna enn å feie for eiga dør!  Eg liker ikkje å kaste mat.  Då eg rydda frysaren, fann eg både ein pakke lammerull og eit stykke røykelaks frå jul.  Viss eg kjøper inn pålegg og ser at dei nærmar seg utgått dato, er eg snar å fryse det.  I dag lurte dei på om eg hadde slite meg!  Kvar hadde eg vore og handla? Her kom mykje godt på bordet til kvelds.  I tillegg laga eg eggerøre, inspirert mellom anna av kommentaren på førre innlegg.

Eg bruker berre egg, vatn, salt og grasløk i eggerøra.  Rundt om på hotella synest eg at eggerøra oftast vert noko smaklaus.  Dei lagar den kanskje i former i omnen?

Innearbeid

I serien "uansett ver - det er alltid noko å gjer' ", har eg i dag kome til fryseboksane.  Ja, eg har sjølvsagt to, noko som og er ein fordel når dei skal avisast, vaskast og ryddast. Ein kan ta ein om gongen medan ein kan bruke den andre til å oppbevare mat i mellombels.

I dag kombinerte eg mat frå hagen og mat frå fryseboksen.  Det vart minestronesuppe etter denne oppskrifta. I frysaren hadde eg kjøtdeig, skvåsj og kvite bønner.  I hagen fann eg frisk oregano og kvitløk. Graset på kvitløken og oreganoen hakka eg i stavmiksaren.

Dagens blomst 21 juli: Blåklokke

Blåklokke Capunala rotundifolia
Då er eg tilbake med fleire vanlege blomster ein bør kunne namnet på.  Campunala-familien er stor.  Ein finn også staudar med dette familienamnet.

I floraen står det at blåklokka liker seg best på tørre og magre veksestader.  Denne fann eg langs vegen på Daftö camping i Strømstad.

Bok 33: Nynorske noveller

Då eg skulle begynne på denne novellesamlinga, oppdaga eg at den hadde same forfattar som den førre nynorskboka eg hadde lånt.  Kanskje eg ville like novellene betre enn kortprosaen? 

For å yte tekstane størst muleg rettferd, valde eg å ikkje lese for mange om gongen.  Likevel må konklusjonen bli at der er eit par gode, og at resten er heller inkjeseiande, slik det ofte er når ein kjøper ein CD.

Av og til glimtar forfattaren til med gode bilde og uttrykk. No meiner eg framleis at språket øydelegg mykje, i alle fall for meg. Det kling ikkje. Eg har lært at hennes er klammeform i nynorsk.  Men forfattaren burde vite at det heiter kaffi. 

I morgon skal eg stikke innom og levere inn att bøker og lydbøker.  Så får eg sjå om eg finn meg ei ny nynorskbok av ein annan forfattar.


tysdag 20. juli 2010

20 juli:Marit vassause

Marit vassause, folkelig navn på 20. juli, minnedag for den hellige Margrete av Antiokia. Viktig merkedag for været. Regnet det den dagen, ble det dårlig vær i flere uker. «Fekk ho Marit noko i vassausa si, så blei det vondt å få høyet tørt den sommaren», ble det sagt i Trondenes.
Kjelde: http://www.snl.no/Marit_vassause

Det er flaggdag i dag!

Kronprinsen fyller 37 år!

Grenselaus handel

Eller kanskje hemningslaus? Ekte agurknytt?

Siste natta låg vi på Thon hotellet i Charlottenberg.  Det var den billegaste overnattinga på turen om nokon skulle lure.   For ei natt på familierom (4 personar) med nydeleg frukost betalte vi 1090 svenske kroner.  Der var eigen frukostmeny for born. 

Hotellet ligg rett ved sida av det store kjøpesenteret.  Når ein kjem inn der, kan ein lure på kva land ein er i!  Kundane er nok stort sett nordmenn.  Prisane er svenske, så der er t.d. eigen tobakksbutikk.  Når eg skal kjøpe med meg mat heim, vert det helst slikt som vi ikkje får kjøpt i Noreg, som t.d. literkartongar med ulike kompottar, eller krämar som det heiter i Sverige.  Desse glasa har billeg innhald, men så får ein store glas på kjøpet som ein kan bruke til müsli eller ris m.a.

Etter ei veke med flott ver og temperaturar som gjer at ein ligg oppå dyna, har eg lova å ikkje klage på veret.  Men no held det hardt.

P.s.
Eg kjem nok med fleire innlegg frå turen når eg får td.

laurdag 17. juli 2010

Shopping i Varberg

Sidan det har vore så fint ver, har det meste av tida gått til bading og soling.  Men i går gjekk frøkna og eg til byen langs strandpromenaden.  Vi har funne ein butikk vi liker begge to.  Der finn ein mykje slikt som er på interiørbloggane, mykje fint med andre ord.  For meg vert det mest å kike.  Eg har nok av det meste, mefann ein kjøkenhandduk frå Ekelund midt i ei utstilling med jordbærmønster.  Eg trur kvaliteten er som klutane, bomull og "bamboosviscose". Strykefrie les eg mellom linene, så får vi sjå.  Sommarlege og fine er dei i alle fall etter min smak.

Frøkna fekk kjøpe seg kort med dyremotiv.  Serviettane passar og inn i interesseområdet for tida.

P.S.
Vi har sjølvsagt kjøpt oss litt kle og anna, men det går under personleg som vi ikkje legg ut på nett.

fredag 16. juli 2010

Bok 32: Pussforunderleg


Dette er ei merkeleg bok!  Det skjer merkelege ting. Det vert ei stor hole i landsbyen.  Vi veit ikkje kvar det er.  Militæret kjem, og det vert snakka om "Den mektige sllierte".

Språket er eit kapittel for seg.  Eg ville kalle det stivt riksmål, men har no lært meg eit nytt ord arkaisk språk. Det passar godt til hovudperonen. Og det driv forteljinga framover.

Der er mykje filosofering i boka.  Personane lever etter kvart i kvar si tid ved sida av kvarandre. Alle klokkene viser kvar si tid.

 Les gjerne kva anmeldaren i  Aftenposten skriv. Dette er ei bok som må lesast og opplevast.  Den rommar mykje!

Bok 31: Svensk i Sverige

Eg synest det høvde godt å lese svensk krim på reisa, og var glad då eg kom over denne på biblioteket.

Guillou sine krimromanar inneheld meir enn krim.  Han sparkar litt i alle retningar.  I denne romanen får svensk overklasse gjennomgå.  Det haglar med sarkasmar og ironi.  Språket er levande og godt.  Litt artig er det også at han legg inn Kvällspressen frå Liza Marklund sine bøker, og at ein av politikvinnene heiter Anna Holt.

Krimhistoria er grei nok.  Det vert lagt vekt på hardt politiarbeid. Privatlivet til etterforskarane interessant. Eit par av dei har vi møtt før i Ondskapen. Eg har sansen for krimromanane til Guillou. Les gjerne meir her: http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=3214853&rom=MP

Vi gjekk ein tur på stigen

I dag avslutta vi ein innhaldsrik dag med å gå oss ein tur på det svenskane kallar strandpromenaden.


Vidare kan ein gå heilt til borga som vi besøkte for eit par dagar sidan.
Kurstaden.
Attende på campingplassen.