måndag 8. desember 2008

Kvalitetskrim


Blogglesarane har kanskje fått med seg at eg likar å lese om journalisten Annika Bengtson. Denne boka vart kanskje vel infløkt når det gjeld sammenhengar og intriger. Ein skal henge godt med når ein les den som lydbok.
I denne boka har ho borna annankvar veke og er dermed fri til å reise på småturar ut i verda. Thomas meiner han no har fått hovudansvar for ungane. Privatlivet hennar er ei bok i boka......
Terningkast 5 frå meg!

7 kommentarer:

Milena sa...

Kanskje eg skal lese den i Jula?Da kan eg holde meg meir vaken enn nå...:-)

Besta sa...

Ja, Liza Marklund er ein av dei betre, men krev full konsentrasjon på lydbok.Det ER ein annan måte å lese på, og når spora er lange, blir det mykje å høyre om att. Eg likar bøkene hennar fordi dei både er politiske og samfunnskritiske,ikkje berre forfryterske. Det var forresten den boka eg nettopp las også.

Besta sa...

forbryterske-ser feila for seint.

solveig sa...

Spora er på 10-16 minutt, ja. 4-5 er meir passeleg. Eg har baka og bretta kle og halde meg vaken på den måten i dag.

Elin sa...

Eg er imponert over alt de les i familien!
Så har eg to spørsmål (skulle gjerne hatt hotmailen din...): Har du oppskrifta på Skriverfruens tebrød frå Amanda? Eg hadde den, men finn den ikkje igjen.
Så var eg i eit stort kalas på laurdag, og der fekk vi kutt til dessert (oppskåra frukt). Det spesielle var krydderet, og eg blir ikkje einig med meg sjølv om det var vanilje eller kanel, men sausen var litt brunfarga. Det var kjempegodt! Du som har utdanning i faget kan kanskje seie meg kva det kunne vere?

solveig sa...

Vi syr no ikkje.....
Skrivarfruene til mormor har eg etterlyst før. Ingen av oss har oppskrifta. Om du skulle finne den midt på sommaren, så er vi interesserte!
Fruktsalaten kan eg ikkje uttale meg om. Fema kjem kanskje hit?

Besta sa...

Skriverfruene til mamma var veldig populære. Eg hugsar det var lange stenger som ho skar opp og tørka. Det var sjokolade(ikkje kakao) i deigen. Men eg har ikkje oppskrifta. Lurer på om nokon tok vare på den handskrivne oppskriftsboka til mamma? Der stod vel det meste.