søndag 14. desember 2008

Tragedie

I dag fekk eg telefon om ar korpskonserten vert avlyst.
- Har det skjedd noko? var min første reaksjon.
Eg fekk vite at det har vore ein dødsbrann i Herøy.
Hareid kyrkje vert opptatt.
Han kan ikkje seie meir.
Det fer mange tankar gjennom hovudet.
10-klassejentene "mine" har kjærestar frå Herøy.
Ein treng ikkje spekulere lenge i våre dagar.
Gutane får vite namna på MSN.
Jenta er tidlegare elev.
Dette er ufatteleg trist.
Kvifor må slikt skje? Og kvifor så nær jul?

3 kommentarer:

Besta sa...

Mi erfaring er at det alltid skjer triste ting i samband med jula. Og at alt virkar enda verre i den samanhengen.Kanskje derfor eg ikkje er så overbegeistra for juletida?
At (unge) menneske dør på ein slik grusom måte er det inga meining i.Det er berre trist.

Milena sa...

Tenkjer på alle som er igjen og skal takle sorga i jula....

solveig sa...

Det vert mange familiar som får ei trist jul. Slike tragediar skakar dessutan heile ungdomsmiljøet.