tysdag 2. desember 2008

Heimelekse


9. klassingane har praktisk lekse denne veka: Borddekking. Her i huset vart det kveldsbordet dagen før. Eg foreslo kopp og glas. Han kunne no koke kakao? Det er godt til røykelaks og eggerøre?
Systra trengte berre stikkordet så stod ho klar med ingrediensar og utstyr. 5 matskeier sukker og 4 med kakao er mine mål til ein liter mjølk.
Før dekka vi som regel på til kveldsmat og laga noko lite ekstra ganske ofte. No er det sjeldnare, men i går dukka alle opp.

2 kommentarer:

Besta sa...

Ja, den systa er snar i snuen!Ho får fart på sakene. Ein blir kanskje slik av å vakse opp i lag med så mange brør?
Når eg ser bordet dykkar dekka med juleduk og greier kjem eg i hug innflyttingsdagen og det første måltidet i nyehuset.
Kva år og dato var det?
Vi flytta inn her 14.desember 1973.Margrete, Lars og Ingeborg flytta inn i huset i Ulsteinvik til jul i 1993.

solveig sa...

Ho er lik henne ho heiter etter! Søndag leitte eg fram julemannoppskrift, og det var så vidt eg fekk vise henne med miksaren. Ho laga deig, kjevla, stkk ut, steikte dei (ho hugsa tida frå i fjor) og malte nokre. Ho tok av nokre få til deg.
Så vart brødrene kakesvoltne!
Har de høyrt om høna? brukar eg å seie!
Ho har bilde og får skrive sjølv.