søndag 14. desember 2008

Siste Staalesen


Lydboka lever opp til forventningane.
---
I denne boka får alle som vil hindre barnevernet i å gjere jobben sin, sine pass påskrivne. Nokre par har slått ring om ein familie som slit. Det forlengar problema i familien og får uante konsekvensar.
---
Varg Veum er best på lydbok. Alle lydbokskeptikarar bør starte med Staalesen sine bøker opplesne av Lasse Lintner. Han les bøkene med den forteljarstemma dei fortener. Bøkene er skrivne i eg-form. Filmane får ikkje fram sjela til Veum. Det gjer Lintner. I tillegg gjev han dei andre personane i boka karakter i form av ulike dialektar.
---
Eg synest språket i bøkene er det beste. Staalesen er ein meister i samanlikning. Ein kunne sikkert skrive ei avhandling om som-bruken hans. Eg storkosar meg over sarkasmer og artige samanlikningar.

2 kommentarer:

Besta sa...

Her seier du akkurat det som eg har sagt heile tida -når det gjeld Staalesen. Med eitt unntak, eg synest det blir litt i meste laget med samanlikningar.Men ikkje meir enn ein kan tole.

solveig sa...

Bra vi er (nesten) einige.