laurdag 6. desember 2008

Gåveutveksling i rosenes by

I dag har vi vore på den årlege julegåveutveslingsturen til Molde. Tradisjonen tru måtte vi innom Roseby, kjøpesenteret som har fått namn etter byen. Der var ikkje verande. Vi hadde eit par erænd. For det første måtte vi kjøpe ei uniformsskjorte til korpsmusikaren. Vi stod 10 minutt i kassakø. Det var lite freistande å gå på andre klesbutikkar. Men billeg var der! Eg har ikkje opplevd så mykje halv pris i desember før.
Over Ørskogfjellet var det skikkeleg kaldt vinterføre. Konfirmanten stod for musikken.
På heimturen insisterte eg på å høyre Norsktoppen. Frå ferieturane har eg fått med meg at den no er om laurdagane i sekstida. Men norsktoppen i 2008 kan ikkje måle seg med Norsktoppen på 70-talet. Eg hugsar då eg fekk meg kassettspelar med opptaksmulegheiter. Den kjøpte eg meg for konfirmasjonspengane, og eg hugsar godt at den kosta 2200 kr. Det var ein formue. No får ein vel tilsvarande for under 1000-lappen.
Det var to program ein måtte følgje med for å få bra songar på opptakskassettane. Det var norsktoppen og..... Ja, kva heitte det andre programmet vi høyrde?

4 kommentarer:

Besta sa...

Ja, slike ting er blitt mykje billegare med åra.Vi kjøpte vår første vaskemaskin i 1963, då kosta den 4500 kr. Den gongen hadde eg utbetalt ca 1000 kr mnd.- i full jobb.Prisar må alltid haldast opp mot lønnigar viss ein skal få det rette perspektivet.

Besta sa...

Forstår meg ikkje på det øvste bildet. Først trudde eg det var utskriftstavla frå minibanken, for eg såg så mange nullar.....

solveig sa...

Du ser temperaturen, minuss elleve, songen vi spelar "Angel" og at vi ikkje brukar bensin, altså nedoverbakke......

Besta sa...

Eg forstod ikkje at det var inne i bilen.........