Etter at ungdommane hadde ete frukost,reiste gjestene vidare.
Øystein ville ta seg ein fjelltur, og eg køyrde han ut mot Ulsteindalen. På heimvegen stoppa eg i byen og fekk dagens trim mellom kjøpesentera.
Det er ikkje lett å gå forbi Mester Grønn! I dag snudde eg og kjøpte meg desse Stargazerliljene. Det var ei stor potte med 6 stilkar. Ein annan kunde, ei litt eldre dame nordfrå stod og beundra dei "dæm lokta så godt og så kjæm dem igjen år etter år!" Det protesterte ekspeditrisa på. Dei var eittårige, men ein kunne brekke av blomstrane og sette dei i jorda.
Noko slikt har eg aldri høyrt om før. Anten er ho ekspert, eller så har ho lese seg til lærdom og forveksla plantar. Eg sa berre at mine har kome att, og det som er så fint med liljer, er at dei står oppreiste same kor det blæs.
Blogglesarane må gjerne kome med synspunkt!
6 kommentarer:
Eg har to slike liljer, har fått ei med kvar av døtrene.Den eine er stor og frodig, den andre meir småvokst. Men begge har kome att år etter år etter år....Den største står klar til blomstring no.
Eg har to slike liljer, har fått ei med kvar av døtrene.Den eine er stor og frodig, den andre meir småvokst. Men begge har kome att år etter år etter år....Den største står klar til blomstring no.
Kven var stor og frodig? Neppe ei av døtrene...
Er det norsklæraren som er ute og går...? Men eg ser poenget.
For å seie det slik, så er lilja meir storvaksen enn nokon av døtrene.
Kven eg fekk den frodigaste lilja av, er eg i tvil om, men når den sprett ut, så kan vi i alle fall teste fargen.
Mine liljer ligg eit par veker etter, forstår eg. Eg har kjøpt nokre på internett, men heretter skal eg berre kjøpe blomstrande liljer og plante dei ut etter dei er avblomstra. Mi erfaring er at dei blir kraftigare. Men alle toler vind og regn, i motsetnad til høge tulipanar og gladiolus.
Ekspeditrisa er heilt på jordet. Jeg har kjøpt mange Stargazerkrukker og plantet i hagen. Ofte er de i blomst om våren. Da setter jeg dem ved inngangen og flytter inn om det er meldt nattefrost.Så setter jeg dem i bedet når de er avblomstret. Noen er 10-15 år gamle. De har klart seg bra disse to siste, harde vintrene også. Jeg har dem i forskjellige nyanser av rosa med hvitt.
Legg inn en kommentar