søndag 20. juli 2008

Hagen i dag

Westerland.
Rosa Rugosa. Eg har to busker. I går fjerna eg mange villskudd. Det merkar eg på hendene i dag. I tillegg til fliser greidde eg å klemre meg på rosesaksa.
Klematisen har begynt å blomstre.
Det er fine blomster på skvåsjen, men frukter (grønsaker!) er det verre med. Den har kanskje fått for lite næring i år. Ein bør vel drive meir vekselbruk.

3 kommentarer:

Besta sa...

Her har dei også ein klematis som blomstrar. Den heiter president. Trur ikkje vår har sprotte ut enno, men den er også blå.Det finst uendelig mange sortar, og dei er så fine!

Milena sa...

Flotte roser!

arieldog sa...

Rosa rugosa er min favoritt, så vi har ein hekk med sterkt duftande roser på. Hugsar vi brukte å gå forbi ein slik hekk på veg heim frå skulen, og då hende det at vi åt av nypene. Men buskene er noko herk å stelle! Eg har nokre gamle skinnhanskar til den bruken - elles fjernar vi avklipte greiner med rive.