torsdag 17. juli 2008

Kjensla av at sola skin alle andre stadar enn her

Dei påstod i alle fall det på butikken i dag, at det er finare ver i Valldalen enn her. I fjor bestilte eg bær som eg ikkje fekk på grunn av regn i Valldalen. Det vil seie eg fekk dei, men fleire dagar etterpå, så det vart eit langdrygt prosjekt. I går var eg for sein å bestille, men dei lova meg 10 kilo om eg var der i eittida.

No er sylta rørt og komen i fryseboksen. Eg hadde akkurat eit lite tomatpuréglas til overs, så eg er glad eg ikkje tok 15 kg som i fjor.

Så fekk eg utnytta det dårlege veret i dag og, men skal tru om det ikkje skin opp no?

5 kommentarer:

Besta sa...

Treng du sylteglas, så er der eit lager i Ørsta.
Sola skin ikkje her som vi er akkurat no, men her er fin sommartemperatur.
Fekk melding frå M.I Fredrikshavn var det 17 grader og litt regn.Vi låg på Victoria hotell i Lillehammer sist natt

solveig sa...

Tenkjer det blir nok til dei andre bæra vert modne, etter Norway Cup. I fjor sylta eg både solbær og stikkelsbær med nytt grønt certopulver. Ein kunne bruke vatn og mindre sukker. Men trur du eg skreiv ned oppskrifta? Eg har altfor stor tru på eigen hukommelse.
Her har det skine opp i dag.
Eg har hengt ut 4 maskiner med klede! Tidleg på dag var det 12 grader....

Hildegard sa...

No fekk eg dårleg samvet for alle glasa eg har kasta i glascont. Av helsemessige årsaker må både Besten og eg unngå sylte og saft m.m. som inneheld sukker.
Før i tida var ein ikkje klar over kor uheldig dette var. Vi hadde vel stort sett ikkje anna pålegg enn sukker, sirup, sylte og brunost på bordet? Kva seier du Besta om det? Solveig er ei dyktig husmor med stor familie. Godt å ha eit lager i fryseboksen. Til vafler/lappar må ein berre ha jordbærsylte! Bra med Certo som gjer at ein kan redusere sukkermengda. Eidabesta

Besta sa...

Eg lagar litt sylte av og til, for Nils likar det. Då brukar eg noko Fruktose og i tillegg litt kunstig søtstff, så blir det ikkje så gale.Eg et sylte berre av og til.Det går på Ingers+ekte geitost.Noko smak må ein ha.Når vi er på tur, slår vi oss litt meir laus i matvegen.Sukker og sirup har eg aldri likt på maten, utan at er blitt spesiell sunn av den grunn.Men sylte har vi ete mykje av.

solveig sa...

Eg brukar 3 dl sukker pr kilo bær. Det er i alle fall mykje mindre enn i den sylta ein kjøper.
I Jam frysepulver er der ikkje konserveringsmiddel. Certo frysepulver meiner eg har ein liten bismak.
Det er eg som et mest sylte her. Eg må ha noko som "går rett i blodet" for å vakne om morgonen.
Eg drikk ikkje kaffi dei dagane eg er på jobb. På brød som er ca 75 % grovt, er det vel relativt sunt.
Men de som ikkje skal ha sukker, må sette dykk inn dei andre søtningsstoffa.
I går laga eg havregrynsvaflar som vi steikte på altanen, og serverte med lettrømme og nyrørte bær.
Elles begynner mengda med tome glas å auke.....