tysdag 15. juli 2008

Tja....

Utvalet på biblioteket vert meir og meir innskrenka dess fleire lydbøker eg les. Dei tek ikkje inn nye bøker før etter ferien.
---

Linn Ullmann var ikkje mitt førsteval, men eg bestemte meg for å gje boka ein sjanse.
---

Linn var vekebladskjendis i min oppvekst. Og eg har ein mistanke om at ho har henta stoff frå sin eigen oppvekst i denne boka.
---

Boka er ikkje kjedeleg, men svarar heller ikkje til forventningane til ei bok som "er utgitt i store deler av Europa og i USA, tilsammen 30 land".

4 kommentarer:

Besta sa...

Eg vegra meg lenge for å lese bøker av Linn Ullmann.Men eg vart gledelig overraska! Har lese fleire bøker av henne, men eg kan ikkje sjå kva denne heiter fordi eg ikkje får forstørra bildet.
Mannen til Linn er faktisk ein av yndlingsforfatterane mine.(Niels Fredrik Dahl)Boka- På vei til en venn- har eg lese to gonger. kan godt lese den to gonger til!!!
I dag kom eg heim med -Honningfellen- av Unni Lindell,ein forfattar som eg ikkje er spesielt begeistra for,- Brannvegg-av Henning Mankell, som eg kan ha lese før eller sett på TV og - Det synger i gresset-av Doris Lessing. Lenge sidan eg har lese noko av henne.Driv elles og les- Svart engel- av Kjell Ola Dahl, ei bok som eg heilt sikkert har lese før. Men hugsar eg noko særleg av den? Nei.

arieldog sa...

"The Grass is Singing" var ein av mine favorittar på grunnfag. Honningfellen har eg uttala meg om før. Linn Ullmann er god, men eg likar ikkje alltid sluttane på romanane. Det gjeld forresten fleire forfattarar - eg likar "løysingar" betre enn opne sluttar.

solveig sa...

Et velsignet barn er tittelen. Prøver å ikkje legge ut for mange linkar...
Det er tre søstre som avtalar å reise og besøke sin aldrande far.
Når dei kjem fram, er boka slutt.
Mykje mimring om barndom.
Terningkast 4 ville vore min dom.

Besta sa...

Eg har lese boka, men hugsar lite, som vanleg. Men det var ei bok der alle systrene ferierte hos faren, den likte eg godt. Eller var det tilbakeblikk i den DU las? Så mykje som eg les(delvis i halvsøvne) må det bli rot.