måndag 6. oktober 2008

Berre herma

Sidan mange andre bloggar har fått bilde øvst, gjekk eg ut og tok eit fjellbilde. Det viser at her har det ikkje kome snø. Elles er det eit svært dårleg bilde teke i motsol. Det skal erstattast med eit fint haustbilde!

6 kommentarer:

Besta sa...

Kvifor tek vi nesten alltid bilde berre når det er fint ver? Eg går inn for meir realisme i fotograferinga.Faktisk får ein ofte dei beste bilda når det IKKJE er sol.

Hawkon sa...

Det var sola som øydela dette bildet. Men Olaug stod klar for å hjelpe.

Hawkon sa...

Hm.....logga inn med feil namn.

Milena sa...

Med Olympus kan du ta bilda i motlyset også!
Bruksanvisninga..ha,ha...berre finne den rette knappen!
:-)))))

solveig sa...

Det var det, ja...
Eg har mykje å gå på der.
Strikkemor(o) har eit nydeleg bilde tatt frå hennar vindauge!
Fjella her er ikkje over 800 m. Det er nok derfor vi ikkje har snø som i Ørsta og Volda.

Besta sa...

Eg har Olympus, men får ikkje gode bilde likevel.Kanskje det ikkje er rette sorten, eller så er eg ein ubrukelig fotograf.