onsdag 29. oktober 2008

Skuffar ikkje

Denne boka var så spennande mot slutten at eg valde å bruke ein time til rydding på skulekjøkenet, berre for å kunne høyre i arbeidstida!

I morgon er det meir kultur, sjølvsagt i 2. timen. Då gjer vi oss ferdig med teorien 1. timen, og så brukar vi 3. time til vask. Det var denne eg førebudde i dag.

Eg trudde sjølvsagt at eg hadde gjeta slutten på boka, men der var ei overrasking til slutt, slik det skal vere. God underhaldning dette!

1 kommentar:

Besta sa...

Eg var på biblio i dag og fann meg to bøker eg ikkje har lese, og ei eg var litt i tvil om. No er eg nesten ferdig me Lars Saabye Christensen si bok BLY, som er framhald av BEATLES, men DEN er det såpass lenge sidan eg har lese at det var ikkje mykje eg hugsar. Det går bra å lese BLY likevel. Eg veit at den 3.boka er komen ut i år. Den boka du har lese har eg aldri sett!Så dei har kanskje ikkje fått den inn enno?