søndag 5. oktober 2008

Dugnadsdagar

Neste år skal 10.klassingane til Polen. I går begynte far og son på dunadsnedvask. Då vart det dugnad i heimen på meg, helgavask.

I dag har eg rydda, på datamaskina. Vi skal kjøpe nytt datautstyr i ferien er meininga. No har vi brent bilde på CD-ar og bestilt papirbilde frå Romatur og konfirmasjon i vår.

Sidan eg ikkje kom meg ut i hagen medan veret var bra, får bilde frå ein park i Roma illustrere dagen. Dette var i ein litt finare bydel. Folk hadde med seg mat og sat på desse stolrekkene. Der var scene som vart brukt til konsertar om kveldane. Sjølv sit eg i halvskyggen og slappar av med ei bok.

1 kommentar:

arieldog sa...

Eg er ikkje sikker på om det var den same parken, eller ein tilsvarande, der Gubben og eg var i -91. Då var der i alle fall eit lite orkester i ein paviljong, og så droppa vi innom ei Salvadore Dali-utstilling i eit lokale like ved. Heilt tilfeldig. Bonus.