laurdag 25. oktober 2008

Rett i potta

No har det kome endå ein interiørbutikk på Hareid. Han ligg tett i tett med Møbelmagasinet. I tillegg til interiør, skal dei selge bunader.

I Ulsteinvik har dei fått fleire butikkar med interiør. Korleis skal dette gå, seier no eg.

I sommar diskuterte eg dette med ei som driv ein slik butikk.
- Folk hiv ut og kjøper alt i same stil, seier ho.
- Har dei ikkje bryllaupspresangar (dumt spørsmål, sjølvsagt), andre presangar,
og kva med arv, spør eg.

I dag har eg gjort det sjølv. Eg har lenge vore på jakt etter slike orkidépotter. Blomsterhandlaren har lova å ta dei inn for lenge sidan, men no hadde eg sant å seie gitt opp håpet. I dag var eg innom i eit anna ærend og hadde nettopp betalt, då eg såg ein heil stabel med orkidépoitter med hol i botnen og fat under.
Gamlepottene som var heile glaspotter, skal eg nok bruke til noko anna. Kanskje til sand og kaktus. Vi får sjå. Bork hadde eg kjøpt til dei pottene på den andre blomsterhandelen. Det var bork frå døde plantar. Så dagens tips får vere: Kast ikkje bork. Den kan brukast i andre potter. Mi erfaring er at det er vanskeleg å ta knekken på orkidéar. Sjå berre her! Denne såg halvdaud ut med eit gult blad, men der det er liv, er det håp!

Denne orkidéen får vere ei helsing til dagens geburtsdagsbarn!


2 kommentarer:

Besta sa...

Eg er "plaga" med at blomsterstilkane vert så lange når orkidéane kjem att. Klipper du heilt ned stilkane når dei er avblomstra, eller let du litt stå att? Den forrige som kom att, visna etter kort tid-utan påviselig grunn. Eg likar godt dei heile pottene som er slik at pottene ikkje går heilt i botnen.

solveig sa...

Eg klipper av nokre hakk, men av og til, som på den med ny stilk nedanfrå, visnar heile stilken.
Eg såg at Finn Schøll tok vekk klemmene og meinte greinene skulle flyte litt ut.