søndag 19. oktober 2008

Bøsseberarar

Heilt sidan eg trilla småungar for 1 kr timen på 70-talet, har TV-aksjonssøndagen vore ein merkedag. Det vil seie, no har det vel gått meir eller mindre inflasjon i Tv-innsamlingar. Vi har fått fleireTV-kanalar. Det at cup-finalen er flytta til ein annan søndag, gjer vel og dagen til ein mindre festdag, i alle fall for ein del av familien.

Eg trilla altså vesle Idar to timar for dag då eg gjekk i 5. klasse. Ei av kronene skulle brukast til å hjelpe fattige born, helst i Afrika. På fastebøsser kunne ein lese kor langt pengane ville rekke der. Eg hugsar godt at Arill, han som no har eige program på TV2, gjekk med bøsse eit år. Det tok si tid å fylle opp med kronestykke.

Som eg skreiv i går, gir eg pengar til omtrent alle gode formål, anten det er innsamling på dørene eller loddsal i butikk. Men for nokre veker sidan vart eg mistenksam. Nokre damer gjekk rundt med gjennomsiktige bøsser med synlege lappar oppi og samla inn til gateborn i Romania. Eg sa at eg aldri hadde høyrt om organisasjonen deira. Hadde dei internettadresse så eg kunne lese om dei? Ho ymta noko på svensk og peika på ID på jakka. Eg fann nokre kronestykke for å bli kvitt henne. For å seie det sånn, var ho nok ikkje rumenar, heller av Romanifolket.

Eg vurderte å ringe politiet, men gjorde det ikkje. Ein får berre håpe at ikkje fleire let seg lure.
Det er sikkert denne gjengen.

Tilbake til 70-talet. Eg hugsar mormor vart lurt av nokre som samla inn pengar til fattige barn. "Ja,ja," sa ho "Det er no det same om det går til fattige sigøynarborn eller andre fattige born".

4 kommentarer:

arieldog sa...

Nydeleg kommentar frå mormor!

Besta sa...

Eg hugsar den også.Så den har nok gjort inntrykk på oss alle.

Besta sa...

PS: Nils gikk med bøsse i går. Ørsta er av dei kommunane som gir lite. Særleg er eldre folk kjipe. Det såg eg den eine gongen eg var med og gikk.Nils meiner der er samanheng mellom Frp-kommunar og manglande givarglede.

solveig sa...

Ja, det gjorde inntrykk på meg at ho var så raus. Eg sa til ein som ringte meg frå banken at eg har som mål å ha eit avslappa forhold til pengane mine. Det trur eg ho hadde.
Det virkar som enkelte er redde for å gi ein 100-lapp eller to fordi pengane "ikkje når fram".