onsdag 15. oktober 2008

Fantastisk konsert

Her på Hareid er det stemneveke denne veka. I dag hadde musikkskulen sin årlege konsert. Det var profesjonelt gjennomført frå ende til annan. Olaug var med i ei blåsargruppe.

Dei er flinke å lage grupper, slik at mange får vere med. I tillegg får dei flinkaste spele solonummer. Elles i året har dei konsertar der alle får vere med. Men i dag var det ingen ulydar.

Her er melodien deira:

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg synest det er kjekt at alle som vil får høve til å lære å spele eit instrument, om ikkje alle hamnar i toppsjiktet.Kjekt at konserten vart vellykka.

solveig sa...

Eg synest det er fint med både breidde og topping. Fire litt eldre gutar har laga boyband og kallar seg Hareidsgutane. Dei opptredde til slutt med kvart sitt solonummer. Då får no musikkskulen vise at dei har dyrka fram talent.
Dei som lærer å spele eit instrument, kan no melde seg inn i eit musikkorps. Det kan no bli ein hobby for livet. Alle kan ikkje bli solistar!

arieldog sa...

Den melodien har korpset her spelt også - ein favoritt!