torsdag 30. oktober 2008

Full klaff

I dag var det tid for meir kultur, nærare bestemt 6 unge menn som dansa hip-hop. Det var full fres frå ende til annan. I ekstranummeret kasta denne karen trøya til vill jubel, frå jentene.

Etter showet var det autografskriving. Minst ein av deltakarane har vore med på dansefeber, eit program eg ikkje har fått med meg.

Dei mest ivrige fekk bilde av seg sjølv saman med stjernene, men kom då for seint til neste time. Dei får då attsittingskryss. "Det var verdt det", var visst kommentaren frå ei. Sjølv sa eg berre at eg hadde erklært unntakstilstand. -Hæ? Så fekk dei lære eit nytt uttrykk midt i vaskinga.

Etterpå vart kryss strokne. Kor ofte fenger kultur slik?

5 kommentarer:

Elin sa...

Bra du strauk kryssa!

solveig sa...

Autografar og bilde er ein del av konseptet, meiner no eg.

arieldog sa...

Hip hop er skikkeleg gøy!

Besta sa...

Og skikkelig god trim, meiner eg. Dog ikkje "trim for eldre".Gutane i den siste klassa eg hadde var fantastiske i streetdance (veit ikkje skilnad på hip-hot,breakdance etc.)-dei brukte å opptre på samlingsstunder m.m.

solveig sa...

Det var nok ein blanding av alt. O