tysdag 7. oktober 2008

Bytur

I dag hadde Øystein ærend i byen. Han ville gjerne ha lag på båten, så eg slo følgje. Det vart mest kiking i butikkar og kafebesøk på meg.

Etter 1 1/2 time var eg lei. Då passa det for Øystein å ta ein pause, så vi kjøpte oss kaffi og bringebærgelekake på eit konditori. Eg hadde bestemt meg for å ta 2-båten heim. Fem på 2 var eg på Kremmergården, og såg at eg hadde gløymt tida. I det eg skulle gje beskjed til Øystein, ringte mi venninne M. Ho hadde ein time i byen før ho skulle til tannlegen. Det passa godt at ho ikkje kunne ete, berre drikke kaffi.

Dagen gjekk fort!

Det er mykje ein legg merke til når ein går åleine. Kva skal ein seie om damer på 50+ som utbryt "F.... f..... kor e gler me til å pynte til jul!"? Er det bestemødrene som lærer borna å banne no? På båten får ein høyre halve private samtalar. Menn som har vore lenge vekk heimanfrå, er hyggelege i praten heim att.

Det er år og dag sidan eg har vore i byen (les: Ålesund, eg er av dei som ikkje har anerkjent småbygdene her som byar) No finst alt ein treng i Ulsteinvik og Ørsta. Eg har sagt lenge at vi kan ikkje auke handelen i takt med kjøpesenterutbygginga. Den delen av Grimmergården som Lindex var for nokre år sidan, står nesten tom. Eg trur kjøpesentera på Moa og i bygdene rundt om kring, utarmar sentrum.

2 kommentarer:

Besta sa...

Ja, sentrum døyr ut dei fleste stader, dessverre. Eg ville gjerne halde liv i dei gamle butikkane og den nyoppussa gågata i sentrum her. Men apoteket er på Amfi, der treffer ein folk og der får ein kjøpt det meste, også mat.
Men der er stadig butikkar som må gi opp, for at det er overetablering er det vel liten tvil om?

Milena sa...

Ålesund var som ein spøkelses by forrige veke eg var der også....ingen folk på gata og butikkar.Før i tida likte eg meg i byen,i dag vil eg berre heim.
Men kaffi var god :-))))))))))))takk!