onsdag 22. oktober 2008

Kultur i skulen


Dei siste åra har vi fått fleire kulturinnslag i skulen. I dag var det flamencodans. I tillegg til dansaren var der ein mann på gitar og ein som song. Begge karane heitte Jesus, men berre ein likna.
Spøk til side, dette var ekte vare! Det friskar opp skulekvardagen med slike opplevingar, og ein får lære på ein annan måte.
Lære gjennom å oppleve?

6 kommentarer:

Besta sa...

Nei slikt høyrer IKKJE heime i skulen. Der skal elevane sitte roleg på kvar sin pult og LÆRE!Skule skal vere blodig alvor!(Dette er eit omtrentlig sitat frå ein Frp-ar som eg hadde ein diskusjon med. Han er lærar!)

solveig sa...

Eg er av dei som meiner at skulen skal førebu elevane på heile livet! Og dei kjem til å få mykje fritid å fylle.
Mange snakkar om at det går vekk ting til ditt og datt. Eg meiner at kvar gong elevane får vise nye sider av seg sjølv, kan vi også oppdage nye talent. I fjor fekk dei t.d. lage film.
Eg såg litt av debatten i Volda i går. Mange veit lite om ernæring..........

arieldog sa...

Og mange lærarar må kaste vekk eit heilt kvarter i veka på vekkasta aktivitetar som deling av frukt...

solveig sa...

Ja, eg er sikker på at heile klassa sit og ser på. Skikkeleg unyttig tid.
Her handlar det om organisering. Hos oss er det miljøklassa som lagar til i kantina. Dei smør på mat, lagar til bord og kuttar opp frukt.

Besta sa...

Eg forstår litt den læraren som kuttar frukt. Å bruke eit kvarter for VEKA er ingen skandale, men der går ei grense for kva som er LÆRAR-arbeid.Fleire assistentar i skulen ville frigjere læraren til å gjere det som er hans/hennar "primære" arbeid.

solveig sa...

Lærarane har ikkje kantineansvar hos oss. Det er det ein assistent, eller barne-og ungdomsarbeidar som har. Uansett kan læraren sette elevar til slikt arbeid på omgang. Det er heilt sikkert ei populær oppgåve.