laurdag 11. oktober 2008

Sausen gjer susen


Men kva gjer ein når det er slutt på saus?
---
Når eg set lammesteiker i omnen, begynner eg å lage bruning i ei jerngryte. Bruninga får stå på relativt låg varme. Når bruninga er blitt passeleg mørk, "nøttebrun", sper eg med vatn til ein tjukk saus som får stå å koke lenge. Når steikene er ferdige, har eg sjyen oppi sausen, og det vesle ekstra: Ein kopp kaffi med fløyte. Dette er mormor, Amanda, si oppskrift.
---
No er det slik, at same kor mykje saus eg lagar, rikeleg, trur eg, så vert sausen oppeten. Til restane av lammesteikene steikte eg små halve poteter i omnen saman med ulike grønsaker som løk, gulrot og skvåsj. Bruk t.d. solsikkeolje, salt, pepar og provencekrydder.

4 kommentarer:

arieldog sa...

Det blir for lite saus når den er så god...

Elin sa...

Mor mi siterte alltid Amanda: ...og so må han koke lengje...

solveig sa...

Der var att ein sausekopp til kvar av dei to som åt seinare. Gutane har det til felles at dei et mykje poteter med rikeleg saus!
Slow-food er vel inn att, det gjev god smak og mykje jern i sausen, skulle ein tru.

Hildegard sa...

Takk for tipset, alltid noko nytt å lære. Denne veka har vi hatt kun fisk til middag, måndag lutefisk, tysdag honndalsaure, onsdag røykt torsk - herleg!
Eidabesta