torsdag 9. oktober 2008

Hausttreff



I dag har vi hatt besøk frå Bjørnaset og Ørsta. Det er ikkje alle som er like villege å bli tatt bilde av, så desse jentene får representere gjengen.
No driv eg og venner meg til ny datamaskin. Det er sjølvsagt (Store!) forbetringar, men eg har til dømes ikkje funne ut korleis eg best skal legge inn på bilda i mapper.
Og kva seier ungdommane? Jau; Kor tid skal vi ha oss ny TV?

4 kommentarer:

Besta sa...

Takk for ein fin dag med altfor mykje god mat.Eg er ikkje heilt oppdatert på bildefronten eg heller, men å legge bilde i mapper kan eg. Reknar med at det er samme systemet på maskinene våre? Såg i alle fall slik ut for meg.
Nytt TV apparat treng de- og ny musematte!!!!!Eg kan godt kjøpe gamle TV-en, så slepp eg kanskje å sjå fotball?????

solveig sa...

Det spørs no når signala forsvinn.... Kanskje eg vil ha ein til opptak? Rasmus meiner eg kan ha boks og parabol på same som før. Eit eller anna system må eg ha så eg ikkje går glipp av tysdagsserien når det er fotball!

Hildegard sa...

Godt å høyre at dei masar hjå dykk også. Vi er begge litt TV-frelste. Besten skeia ut og kjøpte ny 19" flatskjerm m/DVD-tilgang + boks/mottaker for digital RiksTV(skal ha den på hytta i sesongen). Har ik. bestilt anna enn dei gratis kanalane (TV2 er gratis ut 2009 - visstnok). Mykje klårare bilder, sjølv på ein liten skjerm.
I TV-stova har vi ein 42" (parabol) - veldig bra når ein ser film m.v. PCen får klare seg ei stund til. Ikkje så farleg om det går litt treigt når ein kjem opp i vår alder! God helg. Eidabesta

solveig sa...

Det vert nok ny TV her med det første. Når signala vert sløkte, sit vi att med kun parabol (Viasat Gull, så det er ikkje noko som står på). Vi må nok ha eit par, tre boksar, slik at vi får inn gratiskanalane på ungdomsromma....
Her er elles tre berbare Pc-ar i hus+ ar eg har ein berbar på jobb, som eg ikkje gidd å bere.
Så eg synest vi er godt situerte!!!
p.s.
Skal det vere kjekt på ei hytte, må ein ha TV....
God helg!