laurdag 18. oktober 2008

Tombola


I dag har det vore dagen for frivilleg innsats. Keeperen for med halv ni ferja for å vere med som trenar på keeperskule på Herd. Olaug og eg har selt lodd på for skulekorpset.

Ein lærer noko av alt! Sjølv går eg aldri forbi loddsejarar som sit og sel inne på butikkar. Det er ikkje alle saker eg brenn like mykje for, men det gjer som regel dei som sit der. I dag oppdaga eg at eg då er i kategori med damer, dei fleste litt opp i åra. Det overraska meg også at så mange berre går forbi utan augekontakt. Ein del helsar og går forbi. Ein vert sjølvsagt positivt overraska over enkelte også. Men at berre ca 1/5-1/4 tek lodd, hadde eg ikkje trudd.

Heldigvis var det ikkje så langt mellom gevinstane. Når mødre står med små born og kjøper lodd for 50 kr, då er det kjekt at dei vinn. Ei jente i 5-6-årsalderen var så glad og skjønn der ho gjekk med to innpakka gevinstar. Vi får håpe ho var like glad etter at dei var opna!

3 kommentarer:

Milena sa...

eg er nok ein av dei som går ofte forbi utan å kjøpe :-( he aldri med meg små penga.

solveig sa...

Eg kjøper alltid lodd etter at eg har handla. Då har ein som regel fått vekslepengar attende. No har eg gått over til kort på alle matbutikkar for å kunne finne ut kor mykje eg brukar på mat i månaden. Det vart for travewlt å samle lappar på amnna enn coop. Likevel er lommeboka mi full av myntar, ofte for over 100 kr. Det ein ser, er at om fleire kjøpte for 20 kroner ville det monne meir. Men eg trur dei fekk inn ein del.

Besta sa...

Eg har så og seie aldri kontantar -det kan vere nokre få kronestykke + ein tiar til korga.Handlar berre på kort.Så eg er av dei som går forbi. Men heime finn eg alltids nokre kroner når dei kjem på døra. Her er det berre slike som skriv i bok som sit inne på Amfi.