fredag 3. oktober 2008

Endeleg!


Endeleg har eg fått lese ferdig denne boka!
---
Som eg har skrive tidlegare, les eg som regel ferdig bøker eg har begynt på. Med denne heldt det hardt.
---
Fleire av kollegaene mine skryter av denne forfattaren. Kun hos ei har eg fått støtte. Vi likar ikkje språket! Begge er vi nynorskmenneske på vår hals, men her vart vi skuffa.
---
Når ein nynorskforfattar skriv eigne bøker, synest eg det er kjempeflott at dialekten skin gjennom. Denne boka er omsett frå fransk. Kan ein omsetjar då farge den så mykje med si dialekt? Det irriterer meg at ho konsekvent brukar "ho" både for "ho" og "henne". Heiter det forresten "støvsaug" i preteritum? Ikkje i mi ordliste.
---
Boka er full av dialogar. Då er det naturleg at setningar ikkje vert fullførte, og ein kan nok tillate seg eit "talespråk". Sjølvsagt venner ein seg til det.
---
I dag las eg dei siste 100 sidene, av 600, medan elevane skreiv "stil". For å gi elevane lyst til å lese, skal lærarane vise at dei er glade i å lese. Vi skal tilrå bøker. Men ikkje denne......
---
p.s.
Omsetjaren skal vere festspeldiktar neste år.

7 kommentarer:

Besta sa...

Eg har berre lese ei bok av denne fofattaren.EG ELSKA HO, heiter boka. Den var berre heilt nydelig, sjølv om eg sjølvsagt ville foretrukke "Eg elska HENNE." Den boka var veldig kort, det er eit pluss. Lange bøker blir ofte langdryge!!
Det med å støvsuge måtte eg spørje leiaren i Ørsta mållag om-han ville, som eg, bøye det slik: støvsuge, støvsugde.Støvsaug høyrest litt uappetittleg ut, spør du meg.

Besta sa...

PS: Eg er ikkje nynorskmenneske på min hals.Eg har sans for SPRÅK-og det kan gjerne ha ein lokal koloritt, berre det er forståelig.Men eg synest ikkje det gjer noko at språket irriterer litt, det betyr at språket vert synleg. I motsetning til "ukebladspråk" som ein knapt legg merke til.

solveig sa...

Det hadde nok vore ein fordel med lydbok......
Elles ser eg at bokmålsfolk likar nynorsken i boka! Aldri så gale...

arieldog sa...

Edvard Hoem hevda i eit foredrag på skulen vår at han har begynt å bruke kløyvd infinitiv for å tekkjast bokmålslesarane sine. Kørka, spør du meg.

Besta sa...

For å tekkjsat bokmålslesarane? Det var teit.Men fenomenet er gammalt i norsk og mange store forfatterar har nytt det før,mellom andre Duun og Vesaas.Derfor meiner eg det må vere lov for dei det fell naturleg for. Stor fridom for diktarar, men ikkje for skuleelevar!

solveig sa...

Enig viss ein diktar sjølv. Men har ein same friheit som omsetjar?

arieldog sa...

Hoem har ikkje kløyvd infinitiv i dialekten sin. Då synest eg det er kørka å innføre det i skrivinga si.