søndag 7. mars 2010

Ete seg mett på dessert-dag

I dag slo eg til med ein gamaldags dessert; tilslørte bondepiker.  Bakgrunnen for desserten var at eg hadde kavringblanding, nokre eple i kjøleskåpet hadde sett sine beste dagar, og dei hadde datotilbod på fløyte på Prix.

Frøkna er i Sunnmørshallen med fotballaget sitt i dag.  Journalisten gjer seg klar til å fare til Førde, og vi andre fekk trimma litt før ein tidleg middag. 

p.s.
Kva vi hadde til middag?  Brennsnut.

1 kommentar:

Besta sa...

Dessert har vi sjeldan og aldri her i huset. Ikkje treng ein det heller etter å ha ete hjortegryte.Men tilslørte bondepiker er kjempegodt.