laurdag 13. mars 2010

Kom heim og lukta høy

I går kom Nusse heim.  Han har gjort jobben sin i løa på Grimstad.  Han sovna fort i fanget på frøkna.  I følgje henne kasta hen seg over grønsakene etter at han har levd på høy og kaninfor.  No trur eg ikkje mange kaninar lever så godt som han verken i matvegen eller elles.  I går vart det brokkolistilk, gulrøter og persille på toppen.  Kaninar passar godt inn i familiar som er glad i grønsaker;-) Vi gler oss til ungen som kusina skal få!

2 kommentarer:

Besta sa...

Kjekt å sjå att genserar som eg strikka for lenge sidan.No blir det berre småting. Ja, eg tippar Amanda alt har begynt å gle seg til kaninungen.

solveig sa...

Det er denne genseren ho går med for tida!
Det har vore populært med fleece i fleire år, men no ser eg at ullgenseren held på å kome att.