Eg har lese dei fleste av Wassmo sine romanar. Trilogien om Tora var det nok mange som las på 80-talet. Ho tok opp eit vanskeleg tema; incest.
I Hundre år skildrar ho om formødrene sine liv. Dette er interessante historier å lese om i dag. Gjertrud Jynge les lydboka på heilt rett dialekt. Oldemora Sara Susanne sitt namn vert svært vakkert med hennar stemme.
Romanen er ikkje kronologisk oppbygd. Ho hoppar i tid. Dette er ein kunst ho meistrar godt. Lesaren forstår og godt kva som er harde fakta, og kva som er dikterisk friheit.
I denne boka er tida komen for forfattaren til å gå ut med at ho sjølv vart misbrukt av stefaren sin. Ho fokuserer ikkje på detaljar, men korleis dette øydelegg for gledene i livet hennar. Ho er til tider "eit vanskelg barn". Ho torer aldri å spørje mor si kor mykje ho såg og visste.
Dette er ein interessant og sterk roman. Kvinneliv i Noreg har vore prega av hardt arbeid og store barnekull. Boka høver for kvinner i alle aldrar.
1 kommentar:
Ikkje alle Wassmo sine bøker har falle i like god smak.....men denne likte eg veldig godt. Wassmo si beste etter mi(og mange andre) si meining. Enig i alt du skriv om den.
Legg inn en kommentar