laurdag 6. mars 2010

Paradise hotel og spanske nasjonalrettar

I dag kom ein som driv med kaninavl for å låne ein hanne til opphald på det han kallar Paradise hotel i helga. Valet fall på Nusse til venstre. Frøkna er uroa.  Har han det bra?  Medan ein i familien fyrer oppunder med å snakke om spanske nasjonalrettar, meiner andre at nærare kaninhimmelen kan han vel ikkje kome?

P.s.
Eg var rask å avtale eit avkom som takk for lånet.  Søskenbarnet kan nok  halde fram å teikne grå kaninar.  Og Besten må ta fram med hammaren!  Om to månader er nok ungen stor nok til å flytte.

3 kommentarer:

Besta sa...

Som den heksa eg kan vere, brukar eg å fortelle barnebarna om barndommen min då kaninkjøt var ein del av livsgrunnlaget. Men det var ikkje "kosekaninar"-og dei fleste var så vidt eg hugsar kvite med raude auge.

solveig sa...

hysj
-Olaug

arieldog sa...

Søskenbarnet gledar seg!