fredag 6. mars 2009

Den skarpaste kniven i skuffa

Eg har forstått det slik at heile poenget er at kniven ikkje skal ligge i skuffa, men henge på ei magnetstang eller stå i knivblokk.

I går var eg i byen og kjøpte meg denne knivblokka som eg fekk lyst på etter å ha kjøpt nye knivar. Ved mikrobølgeomnen tek den lite plass.

Elles ser eg at eg har lagt meg i rett prisklasse når det gjeld knivar.

Kva bør ein kniv koste Arne Brimi?
- Rundt 300-400 kroner er nok. Dyre knivar er 50-årsgåver til folk som er snobbete.

P.s
VG skriv ikkje nynorsk, men eg er sikker på at Brimi ikkje har i mot omsetjinga.

8 kommentarer:

Besta sa...

I går rydda eg bestkkskuffa og kasserte fleire store knivar som aldri er i bruk likevel.Har gode knivar som eg brukar.

solveig sa...

Eg er blitt veldig glad i dei tre nye knivane mine. Eg vaskar dei opp for han, og då treng ein ikkje så mange.

Anlen sa...

Eg har ei utfordring til deg i bloggen min:) Du har alt starta, trur eg...

solveig sa...

Eg har nok allereie vist fram ein del ting, ja, så det er fare for repetisjon. Men de får følgje med i morgon!

Besta sa...

Har du begynt å planlegge 50-årsfeiring? Litt i tidlegaste laget, kanskje!

solveig sa...

Vil eg vere snobbete?

Besta sa...

Kanskje? Elles ser eg det pågår kjøkkendiskusjon på bloggane. Mitt tips til kjøkken er: Mest mulig skuffer, resten skap. IKKJE knivar eller anna ståande framme eller hengande her og der.Uansett blir det nok ståande på bord og benker, anten ein vil det eller ei.Minimalisme er MIN stil.Særleg på kjøkkenet.
Dette rådet i tilfelle du tenkjer på å oppgradere.

solveig sa...

Mest muleg skuffer er eg heilt samd med. Signe har skuffer til rallerkar også! Og masse skuffer skal eg ha når eg pussar opp! Kor tid det måtte bli......